Øye igjen

Eg har heldt meg inni denne fjorden her dei siste elleve dagane. Biletet har eg tatt sjølv, frå ein liten, men stupbratt haug eg gjekk på.

Eg har heldt meg inni denne fjorden her dei siste elleve dagane. Biletet har eg tatt sjølv, frå ein liten, men stupbratt haug eg gjekk på.

Ja, så er eg på Øye igjen. Dei første (lat oss seie) sju nettene sov eg i det vesle farmorhuset, i ei lita seng. Den var faktisk så lita at eg kunne velje mellom to måtar å ligge godt på: 1) eg måtte kveile meg saman på eit vis, 2) eg la meg på skrå og hadde ei liten stol i same høgd som senga til å ha føtene på. Det som ofte skjedde då var at eg sovna i stilling 2) og vakna i stilling 1). Utan å ha planlagt det, det verkar berre som om kroppen min bestemte seg for å bytte på litt no og då.

Torkjell og Torgeir er som to trusemodellar i elloskatalogen eller noko sånt.

Torkjell og Torgeir er som to trusemodellar i elloskatalogen eller noko sånt.

Eg hadde endåtil besøk av Torkjell, Sunniva og Torgeir ein dag, dei var her og spelte i eit bryllaup. Etterpå tok vi og hoppa på fjorden, fornuftig nok.

Sunniva lånar gensar

Sunniva lånar gensar

Ja, i alle fall. Eg har gjort anna enn å ligge i korte senger, eg har lugge i grøne enger og lest Ragnar Hovland, det er han som er sommarens forfattar (viser til fjoråret då det var Knut Hamsun) etter oppfordring etter Torkjell med same etternamn, som også har stått for utlån av bøker. Eg likar Ragnar Hovland, berre så det er sagt. Eg har forresten også sete på bryggjekantar og steinar og duppa føtene mine i det kolde smeltevatn medan eg har lese, svært forfriskande med tanke på at det har vore HEITT kvar einaste dag. Eg angrar bittert på at eg tok med meg tre gensrar og tre langbukser, for eg har utelukkande gått i skjorte og shorts, unntatt når eg jobbar om kvelden. Då går eg i dressbukse og vest og sit i den kvite salongen og speler for folket medan eg sveittar som ein gris. Nesten som på eksamenskonserten min, berre at då var det ikkje så varmt. Den éine dagen eg vatna plenen rundt hotellet, vart det sjølvsagt torevêr og tidenes regnskyll etterpå. Bortsett frå dette tilfellet har eg stort sett gjort ting som har vore nyttig. Eller bra. Nokre sykkelturar har det mellom anna blitt, og sjølv om eg ikkje har komt meg opp på nokon topp i denne omgong har eg fått nokre fine fotturar og. Eg har faktisk øvd meg på å vaske klede (noko som kan vere nyttig). Og så har eg vore mykje gartnar. Og stuepike, ein dag. Og bert ein del ting.

På sykkeltur til Stavbergsætra

På sykkeltur til Stavbergsætra

Årets lesteskilje.

Årets lesteskilje.

Hagen eg prøver å halde i stand

Hagen eg prøver å halde i stand

Ein kveld kom ein full bergensar (folk er som regel ikkje fulle her) og snøvla eitt eller anna om the Streets of London, eg svarte på engelsk at eg ikkje kjende den songen, for eg gjekk ut ifrå at han var utlending sidan han snakka så utydeleg. «Finn Kalvig!» fekk han utbasunert etter nokre forsøk. Eg riste litt på hovudet og spelte «Kanske vil der gaa baade vinter og vaar» (Solveigs sang) av Grieg, og då la bergensaren seg over pianoet og veksla med å grynte litt og kome med små «heia Bergen!»-utrop, sidan Grieg er frå Bergen. Så måtte eg spele Vaaren av Grieg. Då byrja han å grine. Jajja, heldigvis er det ikkje like ubehageleg å spele for alle gjestane.

Eg har tenkt litt på det der med dei ulike gjestane, ein kan i grunnen dele dei opp i ulike kategoriar (desse frå ein taffelpianist sin synsvinkel).

  1. Dei som stikk hovudet inn døra frå spisesalongen og inn i pianosalongen for å sjå om det er ein levande pianist eller ein cd som står på. Dei ser ofte litt vimsete ut og vert flaue når eg møter blikket deira, og då skvett dei ofte inn til middagen sin og latar som ingenting. Eller så går dei inn i rommet og latar som om dei berre skulle studere den lampa.

  2. Dei som nynnar med. Særleg til hitsa til Grieg eller «Å, den som var en løvetann»

  3. Dei som plystrar med.

  4. Dei som overser meg

  5. Dei som er svært begeistra for meg, og kjem med ønske og er like begeistra uansett kva eg speler. Dei likar eg ganske godt.

  6. Dei som vert frå seg av begeistring fordi eg kan gjere andre ting enn å spele piano, som til dømes å tenne stearinlys eller vatne blomar.

  7. Dei som trur at eg ikkje kan høyre kva dei snakkar om. Mange av stykka eg speler til taffel har eg spelt så mange gongar at eg kan slå over på autopilot og tenkje på andre ting. Som til dømes lytte til at dei diskuterer kor gamal eg er, eller snakkar om kor rart det er når eg speler utan å sjå på hendene. Eller så diskuterer dei kva eg speler, spesielt morosamt er det når dei er heilt bak mål og blandar Geirr Tveitt og Bach og slike ting.

  8. Dei som klappar. Somme skal alltid drage med seg alle dei andre i ein applaus mellom kvar song, og då tek det litt tid før praten byggjer seg opp att.

Karianne trugar med eld

Karianne trugar med eld

Forøvrig så spelte taffel eg i bryllaupet til min sjef Mariann, og det var nok det kjekkaste bryllaupet eg har tafla i hittil. Mange kjekke folk, og du verden for nokre bra kaker eg smakte på “backstage”.

Radarparet

Radarparet

Noah og Marius leikar i lysekrune

Noah og Marius leikar i lysekrune

Unnagjort

Så var det unnagjort. Vidaregåande altså.

Sistelitenlesing før eksamen muntleg. Det er Maria

Sistelitenlesing før eksamen muntleg. Det er Maria

Sigmund og Sunniva ein av dei siste dagane

Sigmund og Sunniva ein av dei siste dagane

Sigmund med hane og kylling

Sigmund med hane og kylling

CIMG4205

Eg syklar opp i muntlig

På same måte som sist eg hadde muntlig eksamen i religion (sist på ungdomsskulen) sykla eg. Kanskje er det bra å sykle før ein har muntlig eksamen, eg trur i alle fall det. I alle fall dersom ein syklar hardt og blir sliten, då blir ein så rolig etterpå, det hjelp i alle fall heilt sikkert mot stress. Sist eg kom opp i religion muntlig hadde eg om frelsa i dei ulike religionane og etiske utfordringar med tanke på ny teknologi. Denne gongen kan eg kome opp i kva som helst unntatt Hinduisme og Kant. Det er ein skremmande tanke. No er det cirka fire timar til eg har eksamen, sidan den byrjar i 6-tida på kvelden.

Janei, eg skal ta og lese litt til eg no, eg skulle berre fortelle det der om syklinga.

SPESIAL

Eg har funne eit triks når ein skal legge seg. Sidan datamaskina mi er full av ferske podkastar, føler eg at eg må høyre gjennom alt. Elles er det sløsing. Eg abonnerar på P2-programmet Verdt å vite, eit populærvitskapeleg radioprogram. Der snakker dei rolig, lenge om kvar sak, og mange forskarar har ganske beherska og monotone stemmer. I motsetning til Radioresepsjonen på P3 til dømes. Eg brukar å høyre på Verdt å vite før eg sovnar, og eg sovnar som regel  før programmet er over. I går høyrde eg på Verdt å vite SPESIAL, om sumpane i Malaysia, det var grådig interessant, men eg sovna før det var over då også. Det som skjedde var; ei igle eller noko festa seg til ein av programledarane og ho hylte, og eg vakna. Det er siste gongen eg høyrer på SPESIAL-sendinga før eg sovner, det er aaaltfor mykje action og futt og fres.

Såpebobler og basar; skildring av denne kvelden.

Akkurat no heng eg halvvegs ut av vindauget på rommet mitt i tredje eller fjerde etasje eller noko sånt og bles såpebobler medan eg høyrer på mi splitter nye spotifyliste med berre fransk musikk. Fransk musikk er så god stemning, med Edith Piaf, trekkspelmusikk og desse impresjonistane. Det er solnedgang, ein flott ein også. No er eg ferdig med alt som heiter hovudinstrumenteksamen og kan ikkje anna enn å vere berre nøgd. Det kunne nesten ikkje vore betre, eller jo, det kunna ha vore litt mindre vind slik at såpeboblene mine ikkje berre forsvann med ein gong, MEN ÆRLEG TALT, KVA GJER VEL DET?

Slik ser eg ut når eg lener meg ut av vindauget mitt. Velsvik i bakgrunnen. Der har sola gått ned,  men ikkje her oppe i Koppen.

Slik ser eg ut når eg lener meg ut av vindauget mitt. Velsvik i bakgrunnen. Der har sola gått ned, men ikkje her oppe i Koppen.

Eg har nettopp vore på basar i Velsvika og spelt “Vél komne med æra” til preludium. Deilig å spele noko som er litt rolig. Bevares, basar i Velsvika er noko eige, det er alltid skikkelig god stemning. Basaren i Velsvika er slik han alltid har vore før, med matøkt, andakt og åresal. Born som spring rundt i ring i gangen og gøymer seg mellom alle jakkene, det gule lyset frå glaskulene i taket, brødskiver med egg og ansjos, og åresalet. Latteren når nokon vinn noko vittig. Når gamle folk vinn leiker til dømes. Eller born vinn store, grå ragglestar for vaksne. Det er eigentleg nok at ein person vinn to gongar på rad. Gamle damer ler så lett når dei er rusa på livet, kaffi og Jesus. Eg elskar basar. Det ligg mykje barndomsnostalgi i denne utbasuneringa.

Slik er utsikta frå rommet mitt i dag. I alle fall dersom ein lener seg ein halv meter ut.

Slik er utsikta frå rommet mitt i dag. I alle fall dersom ein lener seg ein halv meter ut.

I morgon skal eg og Sunniva spele på sånn jubileumsting i Ørsta på Møre Folkehøgskule. Vi skal spele vår nye hit, “Vél komne med æra”, og sommarsongen “Skjærgårdsø”, som er min yndlingssong i heile vide verda.

vip

Då eg hadde hovudinstrumenteksamen i går hadde eg på meg dress. Mange timar seinare hadde eg framleis på meg dress, og eg måtte springe (fort til og med) for å rekke ferja. Det er merkelg kor viktig ein føler seg når ein spring og har dress på seg samstundes. -Her kjem ein som skal redde oss frå finanskrisa, tenkjer folk når dei ser meg, og han har det travelt.

Denne russen

CIMG3788

Eg har no vore russ i nokre veker. Eg hadde tenkt å bli russ då eg var liten, kanskje helst raudruss. Raudruss vart eg, sidan eg snart skal få meg generell studiekompetanse og leva livets glade dar.

CIMG3792

Når ein går rundt med denne raude buksa følgjer det med eit sett av forventningar til korleis ein skal oppføre meg. Helst skal ein oppføre seg heilt crazy, ein veit jo aldri kva denne russen finn på. Skifter om på skilt og heng opp juletrepynt i rundkøyringa og set på ein ekstra «P» på Uppheim. Sjølv var eg svært lite crazy som russ, og det er litt feil. Folk blir mistenksame av slikt, og folk glor.

CIMG3762

Og så er det jo dette med russekort. Av og til gløymer ein at ein er russ, og då byrjer ein å lure når eit glad born kjem springande mot ein. «Er dette min son?», spør ein seg. Så kjem ein på at det sjølvsagt er russekort dei vil ha. Enda vittigare er det med ungar som ikkje tør å spør etter russekort (eg kan verke stor og mørk og skummel for somme born) og berre stirar meg lengselsfullt i skrittet (det er der lomma med russekort vanlegvis er på ein russ).

Russe var heilt ute av kontroll i år. Neida.

Russen var heilt ute av kontroll i år. Neida.

Noreg on fire.

Noreg er som etter OL i 1994. Medfart. Noreg taklar finanskrisa til dømes. Det skal ikkje stå på pengar. I tillegg vinn vi Melodi Grand Prix, og slår alle gamle Grand Prix-rekordar med ein song som inneheld klare trekk av noko særnorsk. Det er 17. mai og vêret er svært, svært bra, Noreg viser seg frå si finaste maipryd. I tillegg vert Noreg sentrum for ei heil episode av the Simpsons, med akevitt, strikkagensrar og det viser seg at Maggie sitt første ord er norsk, nemleg “ja”

Ein vert jo ikkje overraska når det viser seg at det er ein nordmann som finn “the Missing Link”, eller i alle fall noko som ser ut til å vere verdas vakraste fossil, og vekkjer interesse over heile verda. Det einaste som er litt rart er at ho heiter Ida, som er eit kvinnenamn av gamalsaksisk opphav. Ho burde jo heite Hjørdis eller Gudrun eller noko slikt.

Verdas vakraste fossil

Verdas vakraste fossil


Verdas vakraste grand prix-vinnar

Verdas vakraste land

Verdas vakraste land

Det er typisk norsk å vere go’ sa Gro. No har vi vore go’ ganske lenge, og dei siste dagane har det berre tatt ytterlegare av. Det er litt kvalmt. Eit tydeleg teikn på den høge sjølvtillita til nordmenn finn ein ved at til dømes 100 000 skifta over til svt idet Alexander Rybak vann. Noko anna er at vi ikkje finn noko meir å syte over enn at Synnøve Svabø tek feil av Stian Barsnes Simonsen og ein spanjol.

Nyhende frå Koppen

Her er ganske fint når det er kveld og fint ver. Synest fjøsen også tek seg godt ut når døra er open og det er mørkt. Litt sånn Fairytale lizm.

Her er ganske fint når det er kveld og fint ver. Synest fjøsen også tek seg godt ut når døra er open og det er mørkt. Litt sånn Fairytale lizm.

Det er lemenår i år! Beware.

Det er lemenår i år! Beware.

Vi fann ut at når vi tok bilete i bilen ser bakgrunnen heilt fake ut. Det er som på film når ein skjøner at dei ikkje køyrer bil eigentleg. Kanskje gjer dei det likevel?

Vi fann ut at når vi tok bilete i bilen ser bakgrunnen heilt fake ut. Det er som på film når ein skjøner at dei ikkje køyrer bil eigentleg. Kanskje gjer dei det likevel?

Torstein syntest at det var så kjekt å rive ned blomar. Det er jo leitt at dei ikkje heng på treet sitt meir, men hey, det vart eit stilig bilete

Torstein syntest at det var så kjekt å rive ned blomar. Det er jo leitt at dei ikkje heng på treet sitt meir, men hey, det vart eit stilig bilete

Snevre blad

CIMG3880

Av og til dunkar det ned blad og tidsskrift i postkassa våra som ein ikkje berre får ein til å trekkje på smilebandet, men endåtil får ein til å le. Høgt. Eit døme på eit slikt blad går under det fengjande namnet “Gjødselaktuelt“, og det kan fortelje oss om kvifor gjødselåret 2009 har vore eit krevjande gjødselår, og om korleis balansert næringsforsyning kan ha stor betydning for avlingsnivå i korn. Dersom ein er interessert i slikt må dette fagbladet vere heilt hivens, ein går og ser fram til den dagen Gjødselaktuelt kjem i posten, to gongar i året. Eg kan godt forstå at dei som driv og gjødslar ting har glede av dette gratismagasinet, eg synest i grunnen det er herlig med snevre ting.

7

Her er ei liste med snevre blad som slettes ikkje finst (så vidt eg veit):

* “Handtørkaren” – gratismagasin for folk som monterer elektriske handtørarkar på offentlege toalett.

* “Norsk ugrasverneblad”  – for folk som synest at løvetann er verneverdig.

* “Rykogheis” – streiketips for heismontørar.

* “Muscles & knitting” – inspirasjonsmagasin for folk som er interesserte i kroppsbygging og strikking.