Eg har teikna og malt så lengje eg hugse. Det var fordi det var kjekt, og så har eg alltid hatt ein viss trang til å gjere kreative ting. Lage ting og sånn. Heilt frå eg var liten har eg teikna mykje. Det vert ein flink av. Når folk spør seier eg det. At ein må øve. Sånn er det med nesten alt.
Eg er fødd og oppvaksen på ein liten stad. Då eg var liten var eg den einaste ungen i grannelaget. Så fekk eg ei syster som var baby i mange år. Eg var flink til å leike meg. Laga historier der eg spelte alle rollene, eg fann på det meste eg leikte sjølv. På den tida var det jo ikkje slike dataspel, og så mange fjernsynskanalar og blablabla (gler meg til å mase om dette til mine borneborn. “I min barndom på 1900-talet” skal eg seie), i alle fall ikkje der eg budde. Eg trur at eg har vorten kreativ fordi eg var nøydd til det. Elles ville eg ha keia meg ihel som born.
No har eg akkurat vorten kasta inn i ei heftig maleperiode, den mest aktive i mitt litt vaksnare liv, der eg maler naivistiske portrett av rare menneske, og det er knall (Det var Torkjell som sparka meg i gong denne gongen, sjå bloggen hans for nærare info). Eg trur kanskje eg har funne min eigen stil. Eg vil male meir, og draumen er å ha utstillig med desse bileta ein gong. Det var aldri mitt påfunn å kalle meg for kunstnar. Det er det andre som har gjort. Dei som kallar meg kunstnar meiner dei at det er det som er årsaka bak mine heller sære sider og påfunn. Og det kan jo stemme? Ein kan faktisk bruke det som unnskyldning for absolutt alt.
Makabert Måltid, Fylkesmønstringa 2007
Arkivert under: Kultur, Utanfor nokon kategori



Elska bilda dine!
Fortsett det gode arbeide å du kjeme til å få stille ut bilda dine! Det skal
du ikkje sjp vekk i frå!:D
Sette sej mål i live!;)
TØFT!!!