Vortesvinet har faktist ein sylinderforma kropp

Så har vi komt til nummer fire i den faste med-ujamne-mellomrom-fordi-eg-vil-det-spaletn og svin. I dag; vortesvin!

Alle har vel ein eller annan gong tenkt “skulle eg ha vore eit dyr, skulle eg jammen ha vore eit vortesvin gitt”. Dersom du enno ikkje har tenkt tanken så kanskje etter at du har lest denne teksten her. Vortesvinet er eit koseleg og klumpete dyr, med ikkje spesielt attraktive utvekstar i fjeset og nokre heftige støttenner. Kroppen til vortesvinet er sylinderforma med ein manke på ryggen. Dei bur i Afrika som afrikanske dyr flest.
Det mest kjende vortesvinet er Pomba i Disneys Løvenes Konge. Han liknar ikkje på eit vortesvin, kvar er den sylinderforma kroppen liksom. Han liknar mest av alt på ei lyspære.

Legg att eit svar