Eg har vore mykje på leir. Heilt sidan eg var liten.
Eg byrja i NMS-familiekor som fem-åring. Eg og familia mi, med korhelger fire gongar i året på Kjelsund. Dette har vore såpass kjekt og givande at eg er med fortsatt, då det ikkje er grenser for alder i det koret. Og folk vert jo eldre og eldre, og dermed har somme av dei som var born blitt ungdommar i tillegg til at fleire unge har kome til. Og vi har vore mykje på leir saman, som ledarar då.

Barneleirane på Kjelsund var eg også med på som deltakar. Det var her eg møtte Ingvil for første gongen. På ein barneleir. Og ein til. Og ein til. Vi møttest på leir, og kunne berre seie, “Ja, du er her igjen, ja”. Eg hugsar at ho brukte panneband. Vi var blandt dei mest trufaste deltakarane på barneleir på Kjelsund, kvar ferie omtrent.

Seinare har eg som sagt vore ein av dei tøffe og morosame ledarane som har befalt ungane i seng, vekt dei igjen og passa på at dei ikkje tek livet av kvarandre mange gongar saman med ein heil del annan ungdom. I hovudsak jenter. Og då vert ein sjølvsagt anklaga for å ha ei kjærleiksaffære med både den eine og den andre jenteledaren. Som for eksempel Ingvil. Eller Liv-Randi. Eller Lina. Eller Anne-Elisabeth. Eller Elise. Og så vidare.
Ein kan vere deltakar når ein er så gamal som meg også. På tenleir i haustferien og berre-for-å-ha-det-kjekt-leir før jul. Den leiren var eg på, og der var absolutt alle som eg har vore på leir saman med tidlegare. Og Kristin. Vi fekk med oss henne. Det skal vi få neste jul også. Og kanskje fleire?
Eg har også svippa så vidt innom Rjånes, Dalsfjordleiren, og vore barnevakt på familieleir på Vestborg tre påsker på rad.
Men no skal eg prøve noko heilt nytt. Eg skal på metodistleir! På Sørlandet. Metodistleir liksom. Eg kjenner meg livredd. Dette er så utforusigbart, så skremmande. Kva er det eigentleg desse metodistane gjer? Eg veit at det er eit eige kyrkjesamfunn. Som spesielt er hipt på Finnsnes. Men kva er det som er greia med dei? Mi eiga mor er metodist, men det legg ein ikkje spesielt merke til. Då eg og Torkjell skulle google metodiskyrkja for å finne ut kva som var greia med metodiskykja, men alt var så uklart og det kan jo bety kva som helst. Eg var i eit bryllaup på Finnsnes så seint som i fjor, i metodiskyrkja, men det var ikkje noko som skilte seg frå ei vanleg, litt moderne kyrkje, anna enn eit metodistkilt utanfor.
Dei er med andre ord omtrent som statskyrkja utan å vere statskyrkja. Dei vil vere seg sjølve sikkert, og det er jo greitt.
Men kva gjer dei på landsleirane sine? Har dei kanskje nokre sjuuuke rituale som skal få meg til å vende ryggen til statskyrkja for godt? Bør eg la vere å fortelje at eg ikkje er metodist sjølv? Kva om dei driv med eksorsisme om dei finn det ut? Eller brenn meg?
I leirbrevet vi fekk skriv dei: “Det blir fullspekket med leiraktiviteter av alle slag! Det blir moro, alvor, bading, fotball, musikk, misjon, Jesus, nye venner, gamle venner, god mat, Gud, vannsport, underholdning og mye mer!”, og eit slikt leirprogram kunne vel få dei fleste erfarne leirdeltakarar til å puste letta ut, for dette er nemlig nøyaktig det same som står i samtlige andre leirbrev (ein kan byrje å lure på om dei berre brukar det same til alle leirar, full honnør til den som omsette det til nynorsk!) men kva meiner dei med “mye mer”?
Dei fortel forresten at “Metodistkirkens Ungdomsforbund har en “kollektiv ulykkesforsikring” som forsikrer barn, ungdom, og ledere vi har med på leir, dersom uhellet skulle være ute”. Kva uhell? Kva ute? Og kvifor skriv dei kollektiv ulykkesforsikring i gåseauge?
Bålbrenning here I come!

Arkivert under: Utanfor nokon kategori


Eg skjøner at eg har forsømt noko viktig!
Håper denne veka i Grimstad kan gje deg den oppklaringa du treng. vrangforestillingane dine er mange! Vidare har eg skrevet ut litt info til deg om metodistkirka så du kan førebu deg. Kan jo berre seie at metodistkirka er kjend for å vere svært økumenisk, og har gjensidig samarbeidsavtale med Kyrkja den norske. Så du treng ikkje vere redd for at du må vende ryggen til heimekyrkja di. Eg har no budd snart 21 år på Sunnmøre og gått i statskyrkja utan at det har skapt problem for verken meg eller deg!