Ei veke i Barcelona

No kom eg heim frå Barcelona, der eg har vore den siste veka saman med tante Henny, onkel Jarle, og bestefar. Eg vil anbefale deg å lese den forrige teksten eg la ut, for å få omstenda forklart (den er veldig kort altså!).
Sidan eg hadde under 24 timar på å forberede meg til turen, var det veldig greitt at eg var såpass nært Oslo, og at eg allereie hadde pakka (Litt mykje langbukser og gensrar), men det var jo den mentale forberedelsen som mangla. Eg landa i Barcelona og tenkte plutseleg: “Eg er i Spania! Oisann, korleis skjedde eigentleg dette?”.

p7270309.jpg

Men det gjekk veldig bra. I Barcelona var støtt sol og veldig varmt, så no veit du det. Dette var første gongen eg var i ein millonby (1,6 + ein heil del turistar). Eg visste ikkje veldig mykje om Spania. På Mp3-spelaren min td, er ikkje ein einaste spansk song, då Enrique Iglesias og Las Ketshup ikkje er musikk som eg finn spesielt spanande. Men eg hadde ein Chick Corea-song som heitte Spain i det minste. Eg kjøpte ein CD der med ein lokal jazzduo som var gatemusikantar (bass og sax)
For kunstinteresserte er Barcelona ein høveleg plass. Byen er sterkt prega av Art Novau- eller modernista-arkitektur. I spissen var kunstnaren og arkitekten Gaudì som mellom anna teikna kyrkja Sagrada Familia på bileta under. Vi var inni/oppi kyrkja som vart påbegynt i …., og som dei har gjenopptatt bygginga av. Den vert truleg ferdig i 2030-50 ein gong.

p7270275.jpg

p7270307.jpg

Gaudí laga også ein park med to spanande hus, verdas lengste benk og ein verdsberømt mosaikkdrake.

p7260163.jpg

p7260179.jpg

I Gaudí-parken. Her er Henny og Jarle attmed mosaikkdraken.
p7260193.jpg

Bestefar på verdens lengste benk.

La Rambla er namnet på prydgata i Barcelona og vert kalla verdas vakraste gate. Vi har tatt sight-seeing buss gjennom heile byen, vore på stranda, eg har gått litt rundt og handla på eigenhand, vore på diverse kunstutstillingar, og reist til Montserrat, eit stilig fjell med munkekloster og verdas eldste gutekor som hadde ferie.

p7290467.jpg

Vi budde i Hotel Condestable midt i byen, i det som heitte 2nd floor, men som eg etter alle fornuftens reglar ville kalla 5. etasje. Eg sov på rom med bestefar, noko som betyr at ein vert kalla Erlend eller Gaute ei heil veke.

Eg fekk streng beskjed av den næraste familia mi om å skaffe fleire materielle minne enn då eg for til Nice i 2005, der det einaste eg kjøpte var ein plastsparegriselefant (som forresten er dødsstilig). Dette betyr gåver til samtlige sysken og souvenirar. Dette såg eg ganske mørkt på, då eg ikkje synest at pyntetallerknar, kjøleskapsmagnetar, småstatuar og porselensfingerbøl er innmari stilige ting som det er fornuftig å fylle opp huset sitt med. Men dette gjekk overraskade bra. Til gåver har eg kjøpt T-skjorter, til meg sjølv og sysken, og litt andre småting som har ein viss funksjon som til dømes ein Barcelonakopp.

På ein av suvenirbutikkane (som alle selde akkurat dei same tinga) var dei spesielt hyggjelege, sjølvsagt for å selje meir, og det vart eg gjerne med på. Då eg kom inn døra stod ein spanjol i storleik S og helste venleg på meg. Slik gjekk samtalen (etter hovudet mitt) oversatt frå catalansk-engelsk og norsk-engelsk til nynorsk.

-Hola! Korleis går det? (handtrykk og entusiastisk smil)

-Berre bra takk (høflig smil tilbake)

- Du er veldig høg!

-Ja, det er eg klar over

-Kvar er du frå?

-Eg er frå Noreg

-Aha, eg likar Noreg-folk. Så kva ser du etter? Gåve? Ja?

-T-skjorte kanskje

-Til broren din, til kjærasten din? Kor mange kjærastar har du? Ein, to, tre? Du kan fortelje det til meg. Kom igjen!

Henrik forklarar at han vil kjøpe ei skjorte til broren sin, som er 12 år, og sportsinteressert. Det vert Barcelona-fotballskjorte med Henry. Den var billegare for “Norway-people”. Noko seier meg at den hadde vore billegare sjølv om eg sa eg var frå Belgia, Tjekkia eller Sveits.

Eg kjøpte skjorta til denne mannen. Sjå så lukkeleg han må vere.

p7270294.jpg

Her er då eg, om du skulle ha ynskje om å sjå korleis Barcelona og Henrik gjer seg ilag.

Og så var det denne kunsten. Eg har vore på musea til Salvador Dalí (genial mann), Joan Mirò (enda ein genial mann) og Pablo Picasso (som du sikkert veit er temmeleg genial), samt ei samleutstilling på Montserrat(Litt vel mykje tur-i-skogen-bilete som onkel Jarle sa). Dette fann eg svært inspirerande, spesielt Miró, og eg hadde med meg ei temmeleg proppfull skisseblokk og ein god haug målartrong.

Eit bilete av Miró

Det var ein knallkjekk tur, om du lurte på det (og ikkje har evna til å lese mellom linjene)

p7280342.jpg

Her var ei ganske staseleg fontene, kva?

p7280351.jpg

Og så skjedde det noko meir.

p7280366.jpg

p7280375.jpg

Og utover kvelden tok det ganske enkelt heilt av.

 

Ei tilbakemelding

  1. hem. I dag var det 19 som hadde søkt på “henry barcelona” i ulike variantar som hadde hamna opp på minn blogg. Dette har ikkje skjedd før, altså! Men det er jo sånt som hever besøkstala.

Legg att eit svar