Eg har fått meg piano! Eit akustisk eitt. Endeleg eit akustisk eitt. Som er mitt. Beheherre mitt. Som eg skal spele svært mykje på. Det er kjøpt på Nakken i Ålesund, heiter Sauter, var brukt og eigentleg ganske billig. Det var kanskje mest fordi det var nokre skader på kassa, og det går ikkje utover lyden. Og tangentane er tunge, og det er bra, for då vert fingrane mine sterkare. Lyden er veldig kraftig og elles ok.
Eg er lukkeleg. Eg har fått ein ny ven som eg skal bruke fleire år på å verte kjend med. Og det står på same plass kvar dag og er klar til å ta meg imot uansett mine sinnstemningar. Eg har fleire gongar ha måtte stikke hovudet inn stovedøra for å forsikre meg om at det står der inne framleis. Eller i det heile tatt. Det er nesten for godt til å vere sant. Så no har vi to ganske velfungerande piano i stova vår.

Dette er mitt! Juhu!
Arkivert under: Heime
Gratulerer, henrik. Har du verkeleg ikkje hatt eit akustisk piano før no? Trudde det va ein menneskerett …
Nei tenk. Ej måtte til og med mase!
Grattis, Henrik!
Kult, gratulere! Ej skal kjøpe mej piano no straks, men det ekje akustisk då. Hadde ikkje fått plass til det. Og du ekje den einaste som ikkje he hatt et akustisk piano! Vi hadde det når ej va pittelita, så ej huska det nesten ikkje, men sida ej va ikkje-så-veldig-gammal he vi berre hatt et el-piano.
Men, ja. Gratulere!
[...] eg meg på den nyaste og hottaste trenden: Kjøp eit nytt piano! (jf. Henrik sitt innlegg, “O deilige Sauter“) Dessuten kjøpte pappa ein el-bass også, fordi han ville ha det. Snart har vi vel reine [...]
[...] http://ingvil.wordpress.com/2007/08/08/piano-trend/ Så har eg hive meg på pianotrenden (sjå her og her), eg òg, og skaffa meg eit flunkande nytt digitalpiano, Yamaha CLP-240. Kanskje eigentleg [...]