Den eine kongelege datoen.

I dag har kronprinsparet bryllupsdag. Den 25. august. Det er den eine kongelege datoen eg kan i hovudet. Eg veit ikkje når dronninga har bursdag. Eg veit ikkje når kong Haakon kom til Noreg (men eg veit at det var dritver) og eg veit i alle fall ikkje kva år slottet vart bygt. Så ver ikkje for rask med å kalle meg for ein kongefamilieentusiast. Eg synest til dømes ikkje at artiklar om korleis Mette-Marit er ei supermamma fordi ho har tid til å vere kronprinsesse og mor på same tid, eller om korleis klesstilen til Märtha berre har blomstra opp dei siste åra i Hjemmet og liknande magasin er innmari spanande.

Men i datoen i dag, den 25. august har brent seg inn i hukommelsen min.. Ein sentral dag i filmen 37 1/2. Det er ikkje difor eg hugsar datoen. Det er heller ikkje på grunn av at eg såg bryllaupet på fjernsyn.

Eg hadde nemleg bursdagsselskapet mitt same dagen som dei gifta seg. Eg hadde eigentleg bursdag dagen etter (26. august dersom du har litt tungt for det), og eg frykta at ingen ville kome fordi alle sat heime og såg bryllaupet på tv. Dei gjorde ikkje det. Eg hadde selskap.

Eg vert 17 i morgon. Ingen giftar seg då.

 Eg er forresten yr og stolt og fornøgd med meg fordi eg i denne posten ikkje har nemnd ein einaste engel.

3 kommentarar

  1. Dronninga he bursdag samtidig som USA og Camilla.

  2. GRATULERER MED DRAGEN

  3. Dragen faktisk. Jojo

Legg att eit svar