Bursdagsfeiring

Eg har hatt bursdag sidan eg sist skreiv her. Mykje bursdag. Mykje uteliv. Fredagen gjekk føre seg heime hjå Heidi, på Egset, der vi åt pizza, såg film og spelte spel. Dette var ikkje ei markering av min bursdag som var to dagar seinare, men eit uavhengig arrangement. Det var særs kjekt.

Laurdag var eg faktisk heime første halvdelen av dagen. Då byrja eg på eit nytt måleri. Så var det styreweekend med styra i dakruko, for å få det formelle ved koråret i gang, og sveise styra saman. Dette er fjerde året på rad at eg er med på styreweekend, og kvart år har eg vore der som kasserar. Det betyr at eg er korkje med i korstyret eller div.arr. Det er to ting ein må kunne for å verte kasserar i dakruko, å halde orden på papir og brune kjøtdeig.

Kvart år har det stått i programmet over styreweekend at “styremøte og tacolaging (kanskje kasserar kan gå i bresjen for dette?)”. Bresjen er eit ord eg ikkje heilt klarer å akseptere i mitt ordforråd, men det tyder visst at eg skal byrje på å lage taco til dei andre, så hjelp dei meg når dei er ferdige med møta sine. I år stod det ikkje bresjen, det stod noko sånt som “korstyret og div.arr. Har møte, kasserar gjer eit forsøk på å aktivisere seg sjølv (ved td tacokokkelering)”. Her ser vi at avtroppande leiar i hovudstyret har brote linjene og skrive “aktivisere” og “tacokokkelering” i staden for “bresjen”. Det var triveleg.

I år laga eg tacoen heilt sjølv. Unntatt å opne maisboksene, då, det gjorde nestleiaren i korstyret sidan eg har eit dårleg lag med boksåpnarar. Men fadderullan, så flink eg er blitt til å brune kjøtdeig!

Kl 00.00 fekk eg overraskelsesbrownies. Og ei subaruflaske med Sunniva. Og ein heil del merksemd.

Etter å ha vore med på hovudstyremøte dagen etterpå, reiste vi heim, kvar til sitt, det var ingen heime, samtlige fem familiemedlem var på fotballdag på Dravlaus. Eg kunne måle ferdig biletet mitt. Måla 25. og 26. august. Lyd bra. I pausa mellom måleøktene vart eg 17 liksom. Biletet kan sjåast i galleriet.

Måndag tok vi med oss ein heil del musikkelevar opp på hybelen til Ingvil etter skulen, og på vegen opp (som var littengrande lengre enn ho ville ha det til) kom årets første haglbyge, og det regna ganske intenst, så vått var det, og godt var det å kome inn. Mykje takk til Ingvil som berre tok og så laga bursdagsselskap til meg, og laga mat og sånn. Det satte eg umåteleg stor pris på.

 

p8270029.jpg

Det var eit ganske høglytt lag, mykje latter og skråling og alle moglege ting vart i tide og utide utnemnde til “hitar”. Dette var knallkjekt! Sursøt saus er godt! Eg var ganske sliten etterpå, og eg tok meg ein dag som utbrent dagen etterpå. Men eg trur eg smilte ganske fint på klassebiletet.

 

p8270030.jpg

Til slutt vil eg nemne at bursdagen min (som tydelegvis varte i fire dagar) var tydeleg prega av regn, regn, låge temperaturar, nysnø i fjella, hagl og regn. Som tidlegare nemnd har eg alltid dårleg vêr på bursdagen min, og Karine har alltid fint vêr. Det er berre å sjå på teksten eg la ut i juli om hageselskapet hennar. Eg likte å tenke at eg hadde bursdag om sommaren. Den dagen eg vart fødd var i det minste tropenatt.

Legg att eit svar