I dag kjøpte eg aftenposten.

I dag kjøpte eg aftenposten. På narvesen. Det har eg aldri gjort før. Eg følte meg ganske vaksen og moden. Eg kunne ha kjøpt meg noko snop. For å vege opp, liksom. Gjerne eit barnsleg snop, eit slikt som er meir som ei plastleike med ei eller anna form for snop festa på seg. Men så hadde eg nettopp jogga rundt Rotevatnet. Det også for første gong. Det gjekk eigentleg veldig bra.

Dersom eg hadde kjøpt noko snop ville det på ein måte ha vore heilt bortkasta å ha jogga rundt vatnet. Som å lære seg å spele minuttvalsen for så å kappe av seg hendene. Eller noko sånt.
 

I dag kjøpte eg aftenposten. Berre aftenposten. Eg kunne sjå på den unge kvinna i kassa at ho tenkte “oi, her er ein person som er moden nok til å kjede seg”
 

Eg vurderte å smile kjekt og seie: “eg kjøper den bare på grunn av økonomisidene, assa,” men lot vere. Keisame, keisame Henrik. Men eg kjøpte ikkje aftenposten fordi eg hadde spesielt lyst til å lese i den. Medan eg sprang rundt Rotevatnet fekk eg ei melding om at mellom anna tanta og syskenbornet mitt var i nettopp aftenposten. På eit bilete. Det var ei sak om kontantstøtta, om folk i mellom anna Audnedal som tok imot kontantstøtte. Det var ikkje veldig interessant, men det var då koseleg å sjå dei i avisa. Dei sprang inne i skogen saman med nokre andre småbornsfamiliar og såg lukkelege og kontantstøtte-salige ut.
 

p8310034.jpg

I dag kjøpte eg aftenposten. For første gong. Det var ikkje ein spesielt stor milepæl i livet mitt, men no har eg gjort det òg.

Legg att eit svar