Posted on september 25, 2007 by Henrik
Kva var det som skjedde? Skulle ikkje eg gå på alle dei fire fjella mine i sommar? Eg gjekk berre på Koppefjellet, Tua og Kamben, og klarte ikkje ein gong å kome meg opp på Skåla. Men eg har gått på Tua tre gongar i år, då. Ikkje at det skal vege opp eller noko, [...]
Arkivert under: Heime | Legg att ein kommentar »
Posted on september 16, 2007 by Henrik
Eg var ikkje mykje heime på laurdag. Heller. Først var eg med for Volda Korskule i Volda på innflyttardagane. Eg kjøpte meg nye sko sidan dei gamle har gått i oppløysing. Og så kjøpte eg samfunnsfagboka. Det var verkeleg på tide, vi har prøve i samfunnsfag måndag.
Då eg skulle ta ferja tilbake til Lauvstad, måtte [...]
Arkivert under: Kultur | 1 kommentar »
Posted on september 13, 2007 by Henrik
Måndag. Då er det digitalis (kor i Volda). Eg vekslar då med å følgje med ein del forskjellige jenter kvar måndag frå skulen sluttar til koret byrjar. Stor forbetring frå i fjor, då det vart mykje sitjing på biblioteket aleine. Denne gongen fulgte eg og Ingvil Kristin heim. Ho viste oss staden der ho [...]
Arkivert under: Dings | 4 kommentarar »
Posted on september 12, 2007 by Henrik
Eg har berre plutseleg byrja å elske appelsinjuice med fruktkjøt. Det starta i grunnen i vår, litt før skulane slutta. Eg kjøper appelsinjuice med fruktkjøt ofte. Då eg var liten kunne eg ikkje fordra det. Men slik var det jo med ostekake, oliven og kaffe også. Eg lærer meg å like nye ting. Utvide smaken. [...]
Arkivert under: Dings | Legg att ein kommentar »
Posted on september 10, 2007 by Henrik
Eg hadde vore i Ørsta ei heil helg, og spelt på gudsteneste i Frikyrkja der. Dette gav absolutt meirsmak. Det gjekk bra. Frikyrkjefolk ser ut til å vere hyggjelegare enn vanlege folk. Men det er kanskje berre mot pianistar/organistar. Så dersom du treff ein frikyrkjeperson som ikkje er spesielt hyggjeleg, og du til dømes har [...]
Arkivert under: Kultur | 4 kommentarar »
Posted on september 4, 2007 by Henrik
Eg fekk meg ein ny mp3-spelar i bursdagen min. Veldig greitt sidan den forrige sa opp i Barcelona. Veldig greitt sidan det er 5 gongar meir plass på den nye. Den er ganske übergoodlooking (for å blande eit verdsspråk med eit eksverdsspråk) ganske slank og svart og kvit. Den såg liksom ny og fin ut. [...]
Arkivert under: Utanfor nokon kategori | 4 kommentarar »
Posted on september 2, 2007 by Henrik
Karine hadde vore på skulen, og fortalde kva dei hadde gjort i dag. Dei hadde vore ute, funne ei bjørk, tatt eit blad og limt det fast på eit ark. Det verka ikkje som om ho hadde følt at dette var ei veldig interessant og lærerik oppgåve, og heller ikkje noko intellektuell utfordring, som ein [...]
Arkivert under: Familia mi | Legg att ein kommentar »