Min nye mp3-spelar

Eg fekk meg ein ny mp3-spelar i bursdagen min. Veldig greitt sidan den forrige sa opp i Barcelona. Veldig greitt sidan det er 5 gongar meir plass på den nye. Den er ganske übergoodlooking (for å blande eit verdsspråk med eit eksverdsspråk) ganske slank og svart og kvit. Den såg liksom ny og fin ut. Det første eg gjorde var å fjerne plasten framføre skjermen då eg ikkje har ein sjukeleg trong til å ha den på i all æve. Då såg den framleis ny og fin ut.

Ein dag på bussen vart batteriet tomt. Så eg la den fornuftig nok i lomma mi. Då eg byrja å gå opp koppevegen slo eg den på igjen, sjølv om eg visste at den var tom for batteri. Sjokket var dermed stort då den ikkje ville bli slått på grunna tomt batteri. Den gamle mp3-spelaren min kunne alltid slåast på etter at batteriet var tomt, slik at ein kunne høyre eit par songar til før den slo seg av igjen. Så vente litt. Så høyre ein halv song. Så slo den seg av igjen. Så kunne det verke som om AAA-batteriet var endeleg var tomt. Men eg gjennomskua det. Etter eit døgn eller to kunne eg slå den på igjen, og så høyre eit par songar til. Så måtte batteriet byttast. Det var ein fin måte. Ein økonomisk måte. Ein miljøvennlig måte.

Det finst ingen slike smutthol på den nye. Er batteriet tomt så er det tomt på onkli. Det er ein underleg og vakker form for logikk i dette.

Elles savnar eg ikkje den gamle mp3-spelaren min noko særleg.

4 kommentarar

  1. Mp3-spelaren din var søt, men litt forvirrande :)

  2. Den e jo det. Ej kan vise dej korleis du skifta namn. Med mindre du vil heite kristinsinblogg, då. Du kan jo td heite kristin?

  3. Hei Henrik!
    Skikkelig bra blogg! Liker formen, filosoferingene og humoren, og kunsten er virkelig spennende!
    Og takk for hilsen fra dere to :)

  4. Jaa, vis meg det. Det er ikkje noko kjekt å heite kristinsinblogg.

Legg att eit svar