Verdens lengste undersjøiske rørledning. Noensinne, tenk!

Eg har vore på Ormen Lange-opning. “Norges største industriprosjekt noensinne”. Eg er fullt klar over at dette er noko mange andre bloggar kjem til å bli fylt opp med, sidan mange av mine vener var der. Det var eit megaspektakulært opplegg og kjempekjekt å vere med på. Dette var altså Europas største multimediashow nokon gong, og i alle fall det største multimediashowet eg har vore på. Vi var der saman med dei tre andre musikklinjene i fylket, og vi song noko mektig noko på opningsfesten. For skildring av showet kan du sikkert gå inn på ein tilfeldig av blogglinkane mine eller sjekke ut ei eller anna nettavis. Eller sjå det sjølv når det kjem på fjernsyn.
 

Eg for min del vart ikkje forelska i Ane Brun, sjølv om ho var veldig fin, og song fint (det var vittig å skrive Ane Brun, fordi datamaskina mi foreslo at eg skulle skrive Ane Brunostskive).
 

Eg slo til Fredric i søvne og har ete ein god del baguettar.
 

Sjølve showet var temmeleg spektakulært, og høg standard på. Interessant å jobbe saman med såpass profesjonelle mediafolk, når ein er vand med mediaelevar (smilefjes som geipar). “Verdens lengste undersjøiske rørledning” var ei av dei godt brukte setningane som dukka opp på lerretet på Aker Stadion. Smake litt på setninga. Høyrest ut som om den er plukka rett ut frå Hallo i Uken eller noko.
 

Folka som prata på skjermane og sa at dette var fantastisk og at dei rett og slett bobla over av glede sa dette utan eit smil eller det fnugg av innleving. Så kom kongen og drog i ein liten spake, så gjekk han og sette seg under ullpleddet sitt.
 

Bodskapen bak heile showet såg ut til å vere “sjå på oss vi har bygt noko vanvittig stygt noko i ei ganske vakker kommune, sjå mannen har fått baby, og det er ein ravn som likar anlegget”.
 

Etter at ormen beit seg sjølv i halen song vi O Fortuna til dei 12000 oppmøtte på Stadion. Dei miljøuvennlege følgjene av Ormen Lange er openberre, og då er det litt ironisk å syngje “åååå, lagnaaad” i klimakset i showet der dei slepp gassen laus. Setningar som “brånar bort som breen” (dissolvit ut glaciem)dukkar også opp i satsen.
 

Men dette var verkeleg kjempekjekt, eg gler meg allereie til neste gasskraftverkopning. Eg fekk sjå alle dei sære musikkelevane frå Fagerlia, og har blitt kjend med førsteklassingar allereie før musikalveka.
 

Gud signe Aukra!

Ei tilbakemelding

  1. [...] du vil lese meir om den spanande turen til Molde, og om sjølve opninga, kan du trykke her, her, eller her. Det er mykje enklare enn at eg skal skrive noko som allereie har blitt [...]

Legg att eit svar