Ein leir til

Enda ein barneleir på Kjeldsund. I haustferien altså. Sidan eg er litt over aldersgrensa for denne leiren (4-6 klasse) var eg ledar. Rart at det heiter ledar, forresten. Det vert jo blanding mellom bokmål og nynorsk. Men det ser ut til at dei ikkje er så nøye på det ute i øyane, som vi er her. Litt forfall må ein vel rekne med når ein bur på noko så isolert som ei øy, då er ein sikkert meir open for impulsar frå austlandet.

På leiren var også Anne Elisabeth. Det var kjekt å sjå henne igjen, det er visst litt lengje sidan sist.

Som vanleg var det kjekt å vere ledar på leir. Som vanleg var det skikkeleg travelt. Som vanleg har eg fått uvana å hysje kvar gong lydnivået i heimen vert litt høgt (alltid like spanande å kome på skulen då). Som vanleg vart eg mistenkt for å vere snusen utan å vere snusen. Som vanleg ville alle deltakarane spleise meg med dei kvinnelege ledarane.

Med unntak for ei lita og behageleg periode der alle trudde Ingvil og Øystein hadde klina, fordi dei sneik seg vekk saman for å hengje opp 60 klubber i eit tre (ikkje spør), vart eg og Ingvil skulda for å vere ilag.

Til å vere ein så klassisk Kjeldsundleir var det noko som likevel skilde seg ut. Ungane vart stille! Ein måtte liksom sjå litt inn for å sjå om dei framleis var i live. Før midnatt var det stilt. Ein vert jo bekymra.

Heile leiren var nesten plankekøyring, utan skader, alvorlege tilfelle av heimlengsle eller bråe dødsfall.

pa110037.JPG

Teikning i peisstova 

pa110054.JPG

Kanskje det finaste biletet av Ingvil nokon gong

6 kommentarar

  1. No vil eg gjerne vite kvifor det eigentleg heiter “plankekøyring.”

    Har du ei god forklaring på det?
    :)

  2. Ja, wow. Kanskje det finaste EVER da, LIKSOM.

  3. Alle som har prøvd å sykle i gjørme veit at de e vanskeleg. Med ein planke over gjørmeholet går alt så mykje lettare.

  4. Henrik, ej heite Anne Elisabeth utan Z og bindestrek…. Lær dej d no…
    Men ka e eposten din?

  5. Artig å høre om leiren deres!
    Ledar ja… sikkert min feil, jeg har jo ikke akkurat nynorsk-genet helt på plass! Men jeg kaller dere like gjerne superledere eller hverdagshelter, så får du oversette til passende nynorske benevnelser!

    Godt det var kjekt på leir, konklusjonene var betryggende for meg!
    BFK blir storkjekt, håper du blir med!

  6. åååå!
    kjeldsund!
    ej mæ viiillleee:(
    men d tek oss igjen, henrik;)
    ps: finaste bilde av ingvil, EVER, heilt klart!:D

Legg att eit svar