Mange likar julesongar. Somme likar ikkje “Deilig er jorden”. Ikkje fordi det er ein stygg eller keisam melodi, men på grunn av at det rett og slett blir for sterkt å synge at jorda er deilig. Eg vil ikkje påstå at jorda berre er deilig, men eg tenkjer jo ikkje så mykje over det eg syng støtt og stadig, hadde denne deilige jorda berre blitt såvidt nemnd i forbifarta i denne songen, og den hadde hatt ein annan tittel ville nok ingen tenkt over det.
Eg har blitt ekstremt god til å spele “Deilig er Jorden” på piano. Dette heng saman med at eg og ensemble-gruppa mi har vore band under eit teaterprosjekt ved Høgskulen i Volda. Der speler eg “Deilig er jorden” som berre juling, medan skodespelarane gjer sine greier på scena. På det meste spelte eg den 9 gongar etter kvarandre. Eg arbeider hardt for å ikkje få det til å bli monotont, oktaverer litt her, lærar eit litt anna arrangement der. Kvar dag har eg vakna opp med denne songen på hjerna, og pint meg gjennom dagen med den i hovudet, om og om og om igjen. Før eller seinare går det nok over. Men først er det jo sjølve jula, der eg ikkje kan rekne med å få fri frå songen.
Å seie at jorda utelukkande er deilig er å ta litt hardt i, men er verkeleg alternativa så bra? Det kan då ikkje vere lett å få julestemning av “deilig er Neptun”
Det er jo ein fin ting å spele julesongar som berre juling.
Forurenset er jorden og sparegrisen min er tyngre enn din.
Not any more!
Joho.