Den femte adventsfesten

Kvart år har dakruko sin adventsfest på Dravlaus. Dette er kanskje årets største og mest omfattande årlege kulturarrangement i Dalsfjorden. Som åra før hadde vi korsong, amerikansk auksjon, andakt, åresal, matykt og skjetsjar. Berre brussalg i matpausa mangla. Merkelege greier.

DAKRUKO

Runa, Sunniva og Stine

Som medlem i programkomitéen har eg hatt ei ganske travel tid, programkomitéen lagar skjetsjane heilt frå skretsj av, og vi har jobba med dette sidan tidleg i Oktober, men jøsses, det var verdt det, det var kjempegøy å stå på scena og høyre låtten frå salen. Sketsjane slo godt an, og det var bra, for elles hadde det vore svært pinleg dersom eg skulle stå i kjole oppe i eit tre og prate tulletjekkisk utan at nokon lo. Eller då vi var barnekor. Eller på ferjesketsjen.

Hanna, Henrik og Iselin

Det er deilig å vere ferdig med adventsfesten. Deiligere enn jorden. No skal eg bruke jula til å gjere eitt eller anna asosialt og langsamt noko.

Trude gløymte å fortelje meg kvar ho hadde lagt pengane vi fekk inn (ca 21000 kr), og eg gløymte å spørje etter dei. Dei låg igjen på skulen etter festen. Eg hadde bilete i hovudet mitt av ein eller annan harry og pubertal ungdomsskuleelev frå dalsfjorden som tilfeldigvis ramla over ein bolle fylt til randen med pengar, han ser seg om, og tømmer pengane diskrét ned i ranselen sin. Så går han og har heimkunnskap der han har altfor mykje salt i grauten, berre for å provosere. Dette skjedde heldigvis ikkje. Pengane kom koret i hende att relativt raskt.
 

Dette var min femte adventsfest (som eg deltok aktivt på), og truleg blir det berre éin til.

Legg att eit svar