Ekskludert frå knipseland

På juleavslutninga til dakruko vart det tradisjonen tru gang rundt juletreet. Eg har jo allereie gjort dette (med musikklinja på nedre) i år, så eg følte meg ferdig med den slags. Det kan bli litt monotont med slikt. I alle fall dersom ein berre skal gå saman rundt eit tre og synge nokre songar som ein allereie har sunge nok gongar for sesongen og som går ganske treigt. Det er kjekkare dersom det er med musikklinja for då blir synginga liksom litt sånn derre fint. Det er også kjekkt dersom folk tek litt av med synginga, og det gjorde dakruko, så i bunn og grunn vart det artig å gå rundt treet som Hallvard hadde skaffa. Eg gjekk attmed Trude (vi vart plassert langt frå kvarandre under middagen, og i ettertid har det kome fram at dette var bevisst politikk frå div.arr si side, dei meinte visst at eg og Trude hadde ein tendens til å finne på travle leikar saman. Dette stemmer forsåvidt, noko må ein jo gjere på på veg opp frå ferjekaia om morgonen, elles vaknar ein jo ikkje, vi har funne på bil-leiken, og no nylig Stine-leiken (som Stine hatar)). Eg og Trude vart travle under juletregangen. Vi song stygt med vilje, og gjorde sånn som Ingvil og Kristin på “Det lyser i stille grender”. Vi sprang mykje rundt treet. Springing er noko av det morosamaste koret veit. Spesielt medan alle held hender og spring det fortaste dei kan. Og det er to ringar. Det må vere to ringar. Slik at dei kan krasje ihop. Det gjorde vi. Pluteselig (under “Musevisa”) låg ein haug folk på golvet og prøvde å få seg opp og rette på kjolane sine som hadde hamna langt oppe under armane. Gud signe strømpebuksa. Eva-Sofie blødde naseblod, like tappert som Jean’d'Arc. Minst.
 

Så kom “Jeg gikk meg over sjø og land”. Ein ganske einfoldig song i grunnen. Klappe, trampe, vinke. Kan du klappe høyrer du heime i klappeland. Kan du trampe høyrer du heime i trampeland. Her ser vi tydeleg ein klar logikk, eit m ø n s t e r. Ein kan altså putte folk i båsar, dei som kan gjere sånn høyrer heime der. Eg kan ikkje knipse. Ikkje Trude heller. Når vi kjem til knipseland i songen latar eg som om eg knipsar og lagar kanskje litt smekkelydar med tunga. Plutseleg falt det meg inn at eg ikkje høyrer heime i knipseland. Eg er ekskludert frå knipseland. Eg får ikkje kome inn i dette landet, som ikkje er veldig ulikt det lova land. Ved grensa står ei streng vakt som kontrollerar at alle som vil inn kan knipse. Når eg kjem til verset knipseland i songen stoppar vakta meg, ser strengt på meg, og dyttar meg ut av ringen av julekledde juletremenneske. Hit, men ikkje lengre. Er du sånn og sånn får du vere saman med oss, viss ikkje er det rett ut. Dette minnar ikkje så reint lite om ein gong vi var på besøk i Ålesund og mi kusine Ingvild oppretta ein ny klubb som heitte fregneklubben. Eg og Eva-Sofie og Ingvild hadde fregner, og fekk dermed vere med i klubben, mest truleg vart denne klubben grunnlagt fordi Ingvild ville ekskludere og irritere ein av sine fregnelause brør. Det var ikkje sååå stas å vere med i fregneklubben. Det var berre ein tittel. Som med kongen.
-Du skal få vere konge!
-Oi! Kult! Får eg bestemme alt og sånn?
-Nei, du er berre ein liten figur som heiter konge.
-Åja

Litt sånn må det også vere med knipseland. Ein trur at det er veldig stas, men eigentleg er det ikkje noko spesielt med det. Kva skal ein med knipsing? Knipsing må vere det mest ordinære partytric som finst. Og det mest overflødige. Eg vil mykje heller kunne folde panna mi til fem og ei halv rynke. Dette er lett å seie for meg som ikkje kan knipse. Ein blir lett bitter.
Eg vart litt usikker på om eg kunne vere med på det siste verset: hoppeland. Var eg ute no?

pc220002.jpg

Og så, heilt til slutt: utsikta frå rommet mitt: tørkestativet til bestemor. Heilt usakeleg då men. Var berre litt fint. Ser ut til at bestemor har vaska alt med pastellfargar før jul.

4 kommentarar

  1. Hugs at det heiter “kjekt”, ikkje “kjekkt”. Og så skriv vi “mest morosame”. Elles lo eg nesten like mykje no, som på andre, tredje, fjerde og femte vers i “det lyser i stille grender”. Umåtelig lei av den sangen. God jul!

  2. Fint å høyre at det ikkje berre er eg som føler meg ekskludert frå knipseland, men som likevel latar som ingenting ved å smekke litt med tunga og sånn.

  3. Burde vert forbudt med eksluderande songar rundt eit juletre, på høg tid nokon tok det opp. Tusen takk! :p

  4. Hoho, dinna juleavslutinga hadde ej glømt av!
    morsomt

Legg att eit svar