Trollvinter

Femte juledag las eg “Trollvinter” av Tove Jansson. Den handlar om Mummitrollet som vaknar opp av vinterdvalen sin og oppdagar at det er vinter, og at det er mystisk og spennande og skremmande. Svært skremmande. Mummitrollet viser seg å reflektere og tenke mykje, mykje meir enn ein får inntrykk av i filmane som har gått på barnetv i alle dei år. Skal ein samanlikna boka og filmen, så ja, du veit.

au663mjv_87f4930ec3bf2d050a591b5442ca783f_trollvinter_1.jpg

Men bevares, filmane er jo også veldig kjekke, gode, og koselege. Eg hugsar at eg var hovudstups forelska i miljøet i Mumidalen. Somme av dei hang saman, i episoder, og då berre måtte ein få med seg alt. I 1997 vart den eine systra mi født, og eg fekk valget mellom å sjå den siste episoda av Mummi eller besøke det nye bornet som var svaupt og låg i ei seng på Volda sjukehus, og hadde absolutt heile livet framfor seg, og alt var nytt og spennande for henne, akkurat som for Mummitrollet som oppdaga vinteren. Valget var lett. Eg valde Mummi. Sysken hadde eg sett før. Også nyfødde. To gongar før. Mummiepisoda kom kanskje aldri igjen.

“Trollvinter” var lettlest, eg las den som sagt på ein dag, men den er så nydelig! Og så behageleg å lese på ein måte. Ein merkar at ein saknar vinter, og stemninga i dalen er heilt utruleg intens, men god. Og det skjer ting. Heile tida. Hufsa. Eit nurk som likar hornusikk. Vinterelskande hemular. Ein hund som vli vere ulv. Usynlege små ting. Masse små nurk, homsar og ekorn som aldri fekk plass i filmen. Andre ting som skil seg frå filmen er at folk døyr. Eit ekorn møter Isfruen, og frys ihel. I den romantiserte filmen er det My som treff isfrua, og ho tinar straks opp igjen. Riktignok treff Mummitrollet eit ekorn til våren som liknar veldig, men det seier at det har dårleg hukommelse. Isfrue? Janeiseidet. Så sprett det vidare.

5 kommentarar

  1. Det er så lenge sidan eg har gjort noko vinterfullt.

  2. Hva? Har Mummitrollet blitt spist opp av en stor slange? Sitiat Mummimamma.

  3. Mummidalen 4 ->
    Eg hugsa ein gong eg såg mummi hjå deg. Mest sansynleg etter at vi hadde sett ein Lillefot-film..

  4. Og etter å ha flytta rundt på litt mose i skogen.

Legg att eit svar