Pianokrakk

Dette har vore ei travel veke! Etter kvar skuledag har eg vore igjen i Volda fordi eg skulle på noko. Eg er litt lei av Volda sentrum, men eg har kyrkjenøklar, så eg kan øve på piano og orgel i kyrkja, Sunnmørskatedralen, når eg vil slå ihel litt tid.
Fem ekstra lange dagar på rad, vart det, somme gongar tok eg til og med siste ferja, som går ei stund etter nest siste ferja, og no merkar eg at eg har fått ein merkeleg trang til å skrive ting i kursiv. I alle fall har eg vore lite heime denne veka, som eg no har poengtert fleire gongar. Alle gongane eg var igjen i Volda/Ørsta var det i musikkens teneste, for å seie det sånn.

Måndag: Orkesterøving til musikalen, og Digitalis-korøving, tok 2125-ferja
Tysdag: Orksterøving til musikalen, spelte minuttvalsen i musikk formidling, øving til gospel night i Ørsta Frikyrkje (var med i husband), tok den aller, aller, aller siste ferja (2320), det var min feil fordi eg planla så dårleg med bussar, ikkje Heidi sin feil i alle fall.
Onsdag: Piano besifrings-time, gjekk litt over stokk og stein sidan eg ikkje harr fått øvd så veldig, øving til UKM på hybelen til Ingvil, 2125-ferja.
Torsdag: Orgeltime, øving til gospel night. Tok 2220-ferja.
Fredag: Pianotime (tidenes pianotime! Spelte pittelitt Bartok, prata maaasse om musikk, fekk meir Bartok og litt Bach), improviserte på Orgelet i voldakyrkja i ein time, øvde til gospel night i frikykyrkja klokka seks, gospel night klokka åtte. Tok 2320-ferja.

Torgeir, Sunniva, Simen, Torkjell

Blind Boys of Follestaddalen, her med Sunniva som mikrofonstativ. (Generalprøva)

No som eg skreiv det ned verka det som om det var meir enn det føltest ut som. I tillegg til å ha blitt ein røvar på ferjetidene, må eg då ha blitt flinkare på piano. Desse tinga eg har øvd på og spelt på er jo litt annleis enn det eg pleier å spele på. Etter ei slik veke skulle ein trudd at eg var sur og lei og sliten, men eg føler meg blid og i god form, merkeleg nok (dersom ein ser vekk frå eit verk i heile kroppen, som mest truleg kjem av sirkeltreninga vi hadde i gymmen, orsak: ergonomi og rørsle, fredag). Men så har det vore knallkjekt, då. Spesielt gospel-nighten. Dakruko song der også, så eg behøvde nesten ikkje forlate pianokrakken i det heile tatt. Det må vere word of the week; pianokrakk.

Litt bilete frå førebuingane til Gospel-Nighten:

p1180035.jpg

Sunniva, Sofie og Heidi. (Ikkje alle kan vere heldige på bilete alltid)

Torgeir Hovden Standal med orgelet i frikyrkja i bakgrunnen

Torgeir

Synnøve med kamera

Synnøve

3 kommentarar

  1. Ikkje alle kan vere like heldige på bilete nei. Jammen flaks at eg var veldig heldig då!
    Iallefall ikkje min feil at du måtte ta 23.20 ferga nei. Neineinei

  2. Det er i alle fall særs heldig å ha ei dobbelhake sånn litt på sida. Dobbelkinn kanskje..

  3. Mhm. Du er litt sånn two in one, du.

Legg att eit svar