Henrik fortel om fire ting som i utgangspunktet ikkje har noko med kvarandre å gjere

 

Eg var med i juryen i UKM i Vanylven førre laurdag. Det var den tredje helga på rad med UKM (Ørsta-Volda-Vanylven). Dette kan kome godt med i framtida då målet med livet mitt er å verte Idol-dommar. Det var tidenes største oppslutning på UKM i denne kommuna, der både utstillinga og programmet var fyldig og variert. Spesielt gøy var det at det var tre teaterinnslag, noko som var ein stor publikumssuksess, (i Volda og Ørsta var det ingen), det ser ut til at UKM er litt sånn: Ørsta: Band, Volda: Syngejenter og instrumentalistar, Vanylven: Teater.

No veit eg ikkje heilt kvar eg har gjort av MP3-spelaren min, eg har leita litt halvvegs engasjert rundt i huset vårt utan å finne den. Det mest fornuftige hadde sjølvsagt vore å tenkje seg tilbake for å finne ut når eg hadde den sist, og kvar eg kan ha lagt den frå meg. (eg gjer dette no), eg hadde den med på tur på fredag (då var det sol, eg fann ein artig stubbe, og ei tue med lange, gule strå ståande ut som likna heilt på hår, eg satt lenge og klappa denne tua og høyrde på triveleg? musikk) etter turen gjekk eg opp på garasjeloftet og såg ein film. Kanskje skulle eg leite der oppe? Æsj, det er så mørkt ute.

No har Kosovo bestemt seg for å verte eige land. Slik som Montenegro gjorde for litt sidan. Europa får nye land, og vert større. Truleg er dette berre fordi det då vert ENDA eit jugoslavisk land som kan delta i Melodi Grand Prix, og sidan dei jugoslaviske landa berre stemmer på andre jugoslaviske land (gløym Kypros-Hellas!) i Grand Prix vil dette sikre den balkanske halvøy (Montenegro, Serbia, Slovenia, Bosnia Hercegovina, Kroatia, Kosovo og herlege Former Yoguslavian Republic of Macedonia) overtaket i Melodi Grand Prix for evig tid. Eit sjakktrekk. Ikkje rart at mange av dei andre landa i Europa nektar å annerkjenne Kosovo som uavhengig stat.

Eg var med tannlegen i dag, og no hadde eg nokre småhol. Det har eg ikkje hatt før, og no skal eg snart båre for første gong. Tommelopp for nye erfaringar!

8 kommentarar

  1. Dagens tips
    mp3-spelaren ligg på garasjeloftet. trur eg. Såg den iallefall der i helga!
    Hugs å pusse tennene dine og bruke fluor!

  2. Haha, dette var ein typisk mamma-kommentar: -Mamma veit kvar tinga ligg, og :husk tannpussen! :) . Verda er ikkje gått heilt av skaftet endå, i alle fall ikkje på Sunnmøre. Eia var eg der – seier

    fr Arnfinn som er i Roma denne våren (fantastisk her, altså! 16 +grader i dag, og frå klostercella ser eg rett ned på Forum Romanum), men likevel alltid lengtar til Sunnmøre…

    (Til vanleg dominikanar-pater i Oslo, til orientering)

    Og takk for artig blogg!

  3. Eg også vil ha 16 varmegrader. Mykje heller det enn flour

  4. Kom til Roma ein tur, då vel? Billeg fly – eller ta toget (Interrail), som eg!
    Sunnmøringar er særlege velkomne! Ta gjerne med mp3-spelaren, Men legg igjen fluoren!
    Og Bendik (paven) er heime!

    :)

  5. Sa eg at teikningane dine av klassen er kjempebra!? Og no huskar eg òg at eg i dag traff ei sunnmørsjente her, i Roma; Sine, frå Volda. Trur ho veit kven du er. Har gått på musikklina. Er eit år i Bologna, studrerer semiotikk! Treff henn (og nokre andre norske studentar) på sundag. Skal eg helse?

  6. Og visste du at Matisse har utsmykka eit dominikanar(inne)kloster ikkje langt frå Nice (eller der ikring); masse turtistar innom.. Ser at han er av dei du har sansen for.Med god grunn.

    Bona notte!

  7. Ja, du må berre helse henne. Vi dreiv no og vann skrivetevlinger ein gong i tida

  8. Du som er kunstanar (har sett dei siste bileta du har lagt ut, og er ikkje i tvil,,du har talent!), burde kome til Roma (og New York, Paris og..)!
    Snakkast! Og : eg helsa! :)

Legg att eit svar