Den årlege skiweekenden til dakruko var i år som åra før på Fjellsetra (unntatt i fjor, då Orreneset) i Sykkylven. I år var det 40 påmeldte. Vi gløymte 40 liter mjølk på Lauvstad. Jeje, sånn skjer. Kanskje var det 50 liter. Eg hugsar ikkje. No er den mjølka ute av våre liv.
Eg stod på slalåmski slik eg gjerne gjer på skiweekendar. Eg overraskar meg sjølv stadig med å vere ganske flink. Det liknar meg ikkje å vere flink i sportslege ting (Sunniva seier at ho alltid ler seg ihel av meg i gymtimane, jaja…), men her er unntaket slalåm. Og basketball då. Men det er berre fordi eg er så høg. På slalåmski har eg liksom inga unnskuldning for å få det til. Dersom vi ser bort i frå at slalåm er lettlettlett. Det er visst telemark som er tingen, og ja, det er mykje stiligare, det skal eg ikkje vere ueinig i. Eg og systra mi og broren min og fetteren min rann dritfort saman.
Forresten pass alle på å ta på seg ordentlege skibukser med selar, klok av (andre si) skade. Hahahaha.
Eg hoppa til og med på ski. Dette er ikkje typisk meg å gjere, eg er redd for hopping generelt, spesielt på ski. Og så er eg blitt flink på laussnø. Gud signe laussnøen seier eg berre, det er ein fantastisk ting.
På Hundeidvikferja møtte vi Olav, det var triveleg. Etterpå sa han Pappa: “va det han Olav, eg har sett han på datamaskina di”

Edvin framføre Hytta.
Sunniva tek ein telemarksving. Oh, yes.
Arkivert under: 1, Kjekke folk

Fancy bilete, Sunniva! Forresten syns eg det var litt dumt av Sunniva og le av deg i gymtimen. Ein kan vel ikkje noko for det! Sjølv kjenner eg meg som ein flodhest når eg dansar.