Ein dag vakna eg opp og såg påskemorgon. Det slo meg kor mykje dataanimerte seriar som går på barnetv no om dagen. Vi skal ikkje langt tilbake før slike seriar var luksusvarer. Det byrja visst med “Toy Story”, ein film eg hugsar og likte. Så kom den med maur, den hugsar eg i alle fall, for den likte eg enda betre. Det var fascinerande å sjå korleis desse tengeseriefigurane skilde seg frå andre figurar. Dei såg nesten ekte ut. Vi vart fengsla av dette nye, spanande. Så tok det heilt av. Eg veit ikkje kor mange seksåringar som synest at ein dataanimert barnefilm er nytt og spanande i dag. Eg seier ikkje at dette er ein dårlig ting, slett ikkje.

Forresten fann eg igjen nokre heimefilmar frå 1992/1993 som bestefaren min filma. Der spring eg rundt og ropar på klingande nordnorsk at no er det ballongar i taket, gitt. Det var tider det. Då ein kunne verte så begeistra på grunn av nokre fargerike klumpar i taket som strengt tatt først og fremst består av luft. Då ein kunne springe rundt og sjå gamle teiknefilmar som faktisk var teikna av ein teiknar.

Eg likar dataanimerte filmar sjølv om det kanskje verkar som om eg slaktar desse når barndomsnostalgien slår seg laus, men eg likar “Istid”, eg likar “Shrek” og “eg likar “Slipp Jimmy Fri”. Og desse er jo ganske nye historier som er laga spesielt for denne filmen. Eg meiner å hugse at filmane i min barndom stort sett berre var Grimm-eventyr, med historier vi kunne så godt frå før der vi sat og bladde i barnebøkene våre på 90-talet. “Shrek” er jo ein potpurri over samtlege av desse eventyra, og det var jo ingen dårleg idé.

Dette er lenge sidan no
Andre viktige ting som har blitt store i mi levetid (17år): Mobiltelefonar, internett, datamaskiner, alt mogleg digitalt, hip hop og blått snop.
Arkivert under: Kultur, Ting eg av ein eller annan grunn tenkjer på
Då eg for ein augneblink sidan “recived a email from henrik” kom eg på at eg kunne sjekke ut denne. No har eg gjort det. Min favoritt for tida er “Biler”.