Det tek av med bursdagsfeiringar for tida!
Denne våren har eg vore i så mange selskap at eg snart kan bli bursdagselskapssanmeldar og gi terningkast for dei ulike selskapa og ha ulike kriterier som skal oppfyllast for til dømes kaker, kaffi, finstasfaktor og stemning. Dette har eg forresten ikkje tenkt til å gjere. Desse samankomstane er nemleg vidt forskjellige, og skulle eg anmelde bursdagar som femnar frå alt som 2-årsdagar, 18-årsfeiringar og kveldskaffi for mine eigne foreldre ville dette ha vore ganske umogleg sidan dei er så vidt forskjellige. Det ville blitt nesten like gale som å anmelde musikk. Eg ramsar opp dei eg har vore i selskap med: Heidi, Sunniva, Olav, Kristin, Mamma, Pappa, tante Henny og Susanne.
Det er visst om våren fødar mest, i Dalsfjorden hadde vi til dømes ein liten baby-“boom” for to år våren 2006, mitt syskenborn fell til dømes under denne.
Arkivert under: Familia mi, Heime, Kjekke folk






Du er invitert i gebursdagsselskapet mitt den 28.mai i alle fall.
Hurra!
Her får eg verkeleg vist mi store innsikt i moteverda. Faktisk.