Eg har spelt taffel i bryllaup! Tommelopp for nye opplevingar! Eg har berre spelt taffel éin gong før, det var på Fru Svendsen i Ørsta på lyrikkaften med ostebuffet og taffel. Og taffelost. Og lyrikktaffel. Og Svendsenostlyrikkaften.
Laurdag spelte eg i bryllaupet til ein bussjåfør som har kjørt meg til skule i alle dei år. Det var litt spesielt å sjå eit bryllaup frå denne litt uvande vinkelen. Eller sjå og sjå. Eg sat i ein krok med ryggen til selskapet og spelte på eit litt lite samarbeidsvillig piano, medan eg kjende lukta frå denne litt over gjennomsnittet gode middagen. Mi oppgåve som taffelpianist var: lage lyd, men ikkje så mykje lyd at det forstyrra folk eller tok noko merksemd. Då er det lurt å spele rolig og piano pianomusikk. Sidan det var ei glad anledning, bryllaup er ofte det, så er det lurt å spele glad musikk, dur-musikk. Dermed er det litt dumt at alle dei rolige, klassiske songane eg kan er dystre og mollstemte. Då må ein berre tenkje lyst og lett! Så lurer ein folk til at det er solskinsmusikk.
Etter om lag ein time fann eg ut korleis eg kunne underkue Schimmel-pianoet med tangentar som hang seg opp, og demparar som somme tider ikke funka. Så vart alt så mykje kjekkare. Det skal nemnast at eg fekk middag i bryllaupsfriminuttet, då dei ikkje trengde musikk.
Arkivert under: Kjekke folk, Kultur, Meg