Om min ven Joan Miró

Joan Miró er ein av mine yndlingskunstnarar, og sidan dette er noko eg vil formidle til omverda gjer eg det til dømes her på bloggen min.

Då eg gjekk på barneskulen på Ulvestad hadde vi engelsktimar med Solveig inne på eit grupperom (som no har blitt ein del av 5-7 klasserommet, dei reiv veggen) hang eit bilete laga av Joan Miró på veggen. Eg syntest at det var eit svært barnsleg og teit bilete.

Åtte/ni år seinare er eg i Barcelona og elskar mannen av heile mitt hjarte. Miró, Barcelona, vel kva kan ein seie? Det var ein fin tur. Miró har sett sitt preg på gatebiletet i byen ved å ha ein mosaikk på bakken i prydgata, samt mange skulpturar rundt omkring. Dessutan har han designa logoen til ein av Spanias største bankar. Det er eit Miró-museum på Montjuïs i Barcelona, der var også ei utstilling med ein samtidskunstnar som berre laga strekar på kryss og tvers. Der var bilete frå 70-talet og bilete frå 2000-talet som denne mannen laga, men teknikken og stilen hans hadde ikkje forandra seg det aller minste. Det var drita kjedeleg. Det heng forresten eit bilete laga av han på øvre bygg på Volda Vgs. Miró er ikkje drita kjedeleg.

Joan Miró var ein katalansk kunstnar frå Barcelona, som vart fødd i 1893 og døydde i 1983. Årstala er eit talanagram! Les Viktor Pelevin si bok «Numbers» and join the number-religion! Familien hans dreiv tradisjonelt med klokkemakeri og gullstøping, noko som kanskje forklarar litt av hans talent som skulptør. Som mange andre kunstnarar på den tida kjende han ei dragning mot Paris, og dit flytta han. Miró byrja her å late seg inspirere av ymse litteratur, og utviklar etter kvart sin nye og karakteristiske stil, nemleg flate former, klare og skarpe linjer og primærfargar (+grøn). Stilen hans var leiken, eksperimentell og surrealistisk. André Breton, som er kjend for å vere grunnleggjaren av surrealismen skildra Miró som “den største surrealisten av oss alle”. Korleis fekk Miró dette til? Jau, han svolta seg nesten ihel. Berre han vart svolten nok byrja han å hallusinere, og teikna ned noko av det han såg. Denne teknikken passar forresten godt til kunstnarlivsstilen, der ein må leve med beltet på innerste hakk. Han laga fleire av sine mest kjende bilete i slik tilstand.

Joan Miró    Sjølvportrett

The melancholic singer                              Sjølvportrett

Etter kvart starta han eit samarbeid med kunstnaren Max Ernst (har link til bilete av han i margen). Han var også på talefot med mange andre store kunstnarar som til dømes Pablo Picasso og Salvador Dalí. Miró fekk mange oppdrag og ymse prisar for sitt arbeide og vart ein annerkjent kunstnar i si eiga levetid.

Ting som ofte dukker opp i bileta til Joan Miró: kvinner, fuglar, soler, månar, stjerner, firkantar, svarte strekar.

    

Eg skal ikkje leggje skjul på at eg er temmeleg inspirert av Miró, som du kanskje ser her. Med nasene og dei felta som har ulik farge på grunn av ei linje som krysser ei anna linje (frykteleg dårleg formulert dette her)

        

Legg att eit svar