Eg høyrer alltid ein del på D’sound om sommaren. Stort sett høyrer eg på andre ting elles på året, men sommaren er D’sound-tid. Jammen flaks at det vart sommar i går! Det er jo ypparleg sommarmusikk, det er easy-listening over ein lav sko. Deilige melodiar, Simone Larsen si deilige stemme og deilige, mjuke lydar. Godt å koble av med litt enkel musikk. Dette heng saman: å liggje på verandaen med ei kjekk bok, mykje sol og D’sound på CD-spelaren. Så finn Torstein fram vassbalongane sine og har stor moro av å kaste dei opp på meg.
Denne sommaren kan fort verte utan så altfor mykje lesing/lytting/soling på verandaen i Koppen, dette heng saman med at eg for første gong har fått ein sommarjobb utanfor fjøsens fire veggar. Eg skal jobbe på Union Øye Hotell som taffelpianist! Og det i heile 32 dagar. Dette kjem sikkert til å føre til at eg vert svært god til å spele musikk som ikkje er så veldig masete og bråkete, og det er jo ein fin ting. Så får eg bu på hotellet og ete av maten dei har. For at inntekter/utgifter ikkje skal gå opp i opp skal eg drive med litt forfallande arbeid på dagtid, som å klippe plenar og måle veggar og slikt. Det blir bra å bu i eit “lite stykke paradis” som Toppen Bech så fint sa det. Til då må eg skaffe meg ei svart tversoversløyfe, og det er jo litt vittig.
Forresten har kattane våre fått ungar no igjen. Dette er noko som skjer såpass ofte at eg ikkje kan seie at eg bryr meg stort. I skrivande stund har vi 11 pusekattar, 3 vaksne og to kull på 3+5 ungar. Vi hadde eigentleg fire vaksne, men den eine hannen stakk av då dei andre vart drektige, og det er sikkert fordi han er faren, sjølv om han er broren/nevøen/sonen eller noko sånt. Kattar er sjuke, sjuke dyr. Første gongen vi fekk kattungar syntest eg at det var kjempestas, og byrja dermed å grine då vi kakka dei. Men ein vert då herda mot slikt etter kvart, når ein bur på gard. Tross alt skar eg over strupen på min første kalv allereie då eg var åtte (haha, tulla).
I dag åt vi laksen som syster Karine (10) vann på hjartemarsjen rundt Åsaskaret til middag. Så veit du det. Bra å vinne ein laks, då.
Arkivert under: 1
Eg har ikkje vorte herda mot kakking av kattungar, sjølv om eg bur på gard. Veit du kvifor? Det er fordi me rett og slett berre har hatt hankattar, eller frossar som det heiter på fint. Den me har no er endå til kastrert, så ingen kattungar her i garden nei!
Du har gått glipp av noko. Du kan berre kome hit til oss og kakke så mange du berre vil, vi har nesten ubegrensa antal kattungar.
Eg vil kakke! Eg vil kakke!
Nei, no var det Siri som spurde først. Du kan kakke neste gong.
Då vil eg kakke gongen etter der igjen. Shotgun på kakking etter Iselin!
Jammen eg vil kakke NO! Neida eg vil ikkje det. Eg tøysa. Eg er glad eg ikkje skal kakke kattungar i næraste framtid. Mest sannsynleg ikkje i framtida i det heile.