Eg har lese Sult

Eg har lese “Sult” av Knut Hamsun. Eg ser på dette som eit viktig steg i vegen mot å verte ein opplyst mann, så når ein lærar seier: “Koppen, du som er ein opplyst mann….” så kan eg faktisk svare på det dei vil ha svar på.
Kva skal vi seie om “sult”? Eg las den [...]

Dei første dagane på Øye

 Dag 1.  Jadda. Eg er på Øye. Eg har ikkje tilgang på internett, difor er det sikkert gått ei stund etter at eg skreiv denne posten til den vert lagt ut på bloggen min. I skrivande stund (for det er no). Har eg vore min første dag på Union Øye Hotell, og kva kan ein [...]

Mi overfladiske dagbok (2)

Kva har Henrik gjort det siste halve året? Jo:

Gospel Night i frikyrkja

Var dommar på UKM i Vanylven

Musikalen til musikklinja

Skiweekend med DAKRUKO

Spelte med provisorisk barnekor i Kilsfjorden (hm, har enno ikkje fått betalt for dette)

Var i ei rekke med bursdagar

Fylkesmønstring UKM, Kristiansund

Loppemarknad med Digitalis, vi song Geirr Tveitt

Var på sesjon

Borte i tennene mine for første gong

Sommarkonsert [...]

Når ein vil kople av frå eksamenslesing…

Når ein vil kople av frå eksamenslesing kan ein vere i ein åttiårsdag som varer i to dagar til endes…
 

Eg kom forresten til å tenke over at i august 2010 fyller eg 20 og bestemor 80. Då vert vi hundre til saman. Det er uvisst om vi kjem til å gjere eit poeng ut av det, men ein [...]

Noreg’s eldste lokal avis

Dersom du lurte på det; eg veita at det ikkje er lov med apostrof i norsk og at det er dårleg nynorsk å skrive “Noregs”, ein skriv “Noreg si”. Forresten veit eg om orddelinga i lokalavis også. Men veit Noreg si eldste lokalavis om dette? Det er ikkje godt å seie.
 
Andre har gjort eit poeng [...]

Desse musikkskulekonsertane

I dag gjorde eg noko eg ikkje har gjort på mange herrens dagar. Eg spelte på musikkskulekonsert. Du veit, desse små konsertane der småborna får prøve å stå på ei scene første gongane. Min første musikkskulekonsert var truleg før jul 1998 på Volda samfunnshus. Der spelte eg Elefantvalsen. Elefantvalsen er å finne i den første [...]

Nyhende frå Koppen

I dag så lødde vi opp tidenes vedstabel ved eit par av veggane på garasja vår.

 

“Eg har mykje ved, eg, tenkte Holesnusken ofte. Eg har veldig mykje ved. Eg vil ha meir.”

Bestefar har fått seg eiga leikarhytte. Eller eit lite redskapshus. Snickarbod.

Vi har byrja å sleppe ut kyrne våre. Det trur eg dei synest er fole [...]