I dag gjorde eg noko eg ikkje har gjort på mange herrens dagar. Eg spelte på musikkskulekonsert. Du veit, desse små konsertane der småborna får prøve å stå på ei scene første gongane. Min første musikkskulekonsert var truleg før jul 1998 på Volda samfunnshus. Der spelte eg Elefantvalsen. Elefantvalsen er å finne i den første Steg for Steg-boka til James Bastien (denne serien på fire bøker fuglte eg slavisk dei første åra på musikkskulen). Då eg var ferdig å spele elefantvalsen på samfunnshuset sa Aksel(den gongen 10 år yngre) at eg godt kunne spele stykket igjen. Så gjorde eg det.
Då eg skulle spele merka eg at eg vart litt gira. Dette var spanande! Og svært prega av løynd nostalgi. Eg merka det først då den første felegruppa sette i gong med sitt gnikk, dette var noko eg hadde vore i gjennom mange gongar før. Kvar ellers enn på musikkskulekonsertane kan ein høyre tre klarinettar spele “My heart goes on”, eller bittesmå gutar med cello?
Eg brukte å vere livredd før eg skulle spele. Eg tenkte at eg kom til å døy fordi eg var så nervøs. Eg øvde livet av meg i fleire veker før den store, skumle konserten. Eg sat og studerte programmet, og talde ned til Minkov, Henrik Koppen, og vreid og vrikka på fingrane, tørka handsveitten med ein papirserviett som eg seinare reiv opp i strimlar, og var sikker på om eg spelte noko feil kom alle til å mislike meg, og eg kunne aldri vise med offentleg igjen, langt mindre spele på konsert. Eg spurde alltid meg sjølv før slike opptredenar om kvifor i alle dagar eg utsette meg sjølv for dette gong etter gong. Svaret fekk eg få minutt seinare, då eg var ferdig. Det var ei utruleg og nesten berusande letting, uavhengig av korleis det gjekk, ein rus eg somme tider kjenner framleis.
Opptredenar det siste året der eg var veldig nervøs, og veldig letta etterpå:
-
Første organistjobb i Frikyrkja
-
Kyrkjekonserten til musikklinja (fekk blackout på generalprøva og hadde ikkje med meg notar då eg kunne stykket utanåt)
Det vert jo lettare etter kvart. Eg kjenner ofte at det kriblar før eg skal spele noko, men her er nokre døme på konsertar og opptredenar der eg slettes ikkje var nervøs før eg skulle spele, og heller ikkje følte meg spesielt letta etterpå:
-
17-maifest i velsvika
-
Bedehusopptredenar
-
Akkopagneringsoppdrag (her finst unntak)
-
Min eigen hovudinstrumenttentamen (merkeleg nok)
-
Sjukeheimskonsertar
Vi (2MU) hadde forresten ein sjukeheimskonsert i dag, i skuletida. Det var ikkje noko skummelt, og det er fascinerande å samanlikne dei vidt forskjellige publikuma. Frå gamle folk som nesten har sovna seg i hel til nervøse og spente foreldre. Eigentleg var det slik at musikkskulekonserten var Karine sin, og sjukeheimskonserten på ein måte var min sin, men så fann vi ut at vi kunne dele likt, og spele firhendig på begge konsertane. Vi spelte Norsk Dans
II av Grieg. Då vi spelte denne i Velsvika på 17. mai stod det i avisa at “Henrik og Karine Koppen spelte kjenningsmelodien til Noreg Rundt”. Det var sikkert berre på nære nippet før dei skreiv “Isbilsongen”. I alle fall fortel dette oss litt om avisa Møre. Nuvel. Forresten: Ja til meir kulturskule, ja til meir Egg. Så skulle det vere i orden… (Oioioi, no vart dette brått ein blogg som kommenterar nyhende og politikk og slikt, auda). I alle fall har kulturskule vore uhyre viktig for mi utvikling.
Arkivert under: Kjekke folk, Kultur, Meg
Eg følgde ein bokserie på heile sju bøker slavisk dei første åra i kulturskulen. Å følge bøker slavisk er visst veldig kulturskuleaktig, men eg trur dei gjer det litt mindre no enn før. Artig at du var så nervøs før i tida, eg tenker at du eigentleg er lite nervøs av deg. Eg var (merkelig nok) nesten aldri nervøs på mine musikkskulekonsertar, heilt til ein kammerkonsert i niande eller tiande då alt gjekk skeis. Det skal forresten seiast at det ikkje er kjekt å skrive kommentarar på bloggen din no fordi skrifta i kommentarboksa er altfor stor, slik at alt ser kjempeteit og veldig påtrengande ut.
karine følger IKKJE boka slavisk i det heile tatt. Men så har ho hatt sånn fire ulike lærarar det siste året.