Når ein vil kople av frå eksamenslesing kan ein vere i ein åttiårsdag som varer i to dagar til endes…
Eg kom forresten til å tenke over at i august 2010 fyller eg 20 og bestemor 80. Då vert vi hundre til saman. Det er uvisst om vi kjem til å gjere eit poeng ut av det, men ein artig liten tanke var det, og eg er stolt over at eg kom på det heilt av meg sjølv.
Når ein vil kople av frå eksamenslesing kan ein spele litt på konsert i Dalsfjord kyrkje saman med ymse lokale og ikkje fullt så lokale musikkelevar. Og ikkje minst førebu seg til konsert.
Siri og BARYTONEN leikar seg på galleriet før konserten.
Torgeir og TORKJELL leikar seg med pianoet etter konserten.
Eg kom opp i musikk i perspektiv (Musikkhistorie). Det var heilt greitt merkar eg. Eg kan jo ikkje seie at eg ikkje er interessert. Det er kjekt å merke at bitane fell på plass, at ein har overiskta over musikkhistoria. Eg likar det. Eg likar å merke at eg får meir og meir peiling på kort tid. Det er ein bra ting.
I morgon er det måndag og eg skal lese heile dagen. Det blir bra.
Arkivert under: Familia mi, Heime, Kjekke folk, Kultur, Skulen



