Dag 1. Jadda. Eg er på Øye. Eg har ikkje tilgang på internett, difor er det sikkert gått ei stund etter at eg skreiv denne posten til den vert lagt ut på bloggen min. I skrivande stund (for det er no). Har eg vore min første dag på Union Øye Hotell, og kva kan ein seie? Heftig hus? Herskapeleg hotell? Heisse bra merkar eg. Når eg har på meg vesten min, og skjorta mi og sløyfa mi og går i gangane merkar eg at eg umedvite rettar meg veldig opp og går litt saktare enn vanleg, nesten litt majestetisk. Det er ikkje noko merkeleg med det, det har nemleg vore proppfullt av ymse majestetar på Øye oppgjennom. Noko anna som skjer når eg spaserer rundt her er at eg høyrer stemma til Toppen Bech inne i hovudet. Det er kanskje litt småirriterande, ein vert jo lei av å høyre om dei lekre detaljane i gardinene og på bileta og kor mektige fjella her er.
Ein liten detalj frå rommet mitt, eit lite, men ganske fint og sennepsgult rom, null himmelseng da, det er det ikkje plass til.
For dei som lurte så er eg her for å spele piano. Mellom 19.00 og 23.30 speler eg piano på eit av Noregs mest unike hotell. Slådendu! Jadda, eg er høgt oppe no merkar eg (må slutte snart med det). I same tidsperiode skal eg sørge for at det er ved og fyr på peisen og på kaminen, plukke saman brukte vinglas og drikke vatn. Eg har forresten ansvaret for hagen! Og tenning av lykter i hagen om kvelden. Ser eg ein vissen knopp, kan du vere sikkert på at eg klipper han tvert av! Då eg skulle legge på ved i peisen slo det litt inn, slik at det kom ein del røyk ut i stova. Det var ingen bra ting. No lukter det røyk av finekledene mine.
Eg er litt trøtt etter å ha spelt piano. Mykje piano. Men førsteinntrykket var då særs godt likevel. Eg har funne ut at dei andre som jobbar her er veldig vennlege. Eg har funne ut at middelaldrande vestkantfruer som plystrar melodien medan eg speler er svært irriterande.
Flygelet er eit kapittel for seg sjølv. Det er ganske gamalt, og passer difor godt inn hjå alt det andre her. Etter omgivnaden har eg skjønt at eg ikkje kan spele kva som helst på det, for at det skal høyrest unaturleg ut. Noko anna som hindrar meg i å spele til dømes Rachmaninoff, er den store mengda med nips og dilldall som står på pianoet. Det er blomsterpotter med blomar, små portrett av ymse kongelege folk, ein høg lysestake, ein del små statuar og dukar. Desse byrjar straks å klirre når eg speler for hardt.
-
Eg har blitt betydeleg meir kjend med flygelet her, så no er det mykje kjekkare å spele på det. Det er ikkje det lettaste pianoet å spele på, ein h driv og heng seg litt opp, og somme av tangentane let vere å lage lyd dersom eg speler for svakt. Det er ein del folk her som klappar mellom kvart stykke og det er litt irriterande, men først og fremst veldig søtt. Ein mann spurde meg om eg levde av musikken, og trudde at eg var betydeleg eldre enn det eg var. Det var vittig. Elles så fekk eg tips i dag! Det har eg aldri fått før. Plutseleg hadde nokon lagt ein hundrelapp på flygelet. Takker og bukker, som han seier, broren.
3, I dag vart ei diger brownieskake med mintsmak (!) øydelagt, slik at vi som jobba der kunne ete den. Hurra!
Dette har vore den dagen eg har arbeidd mest hittil. Ein del raking og pirking i hagen, og så har eg hjelpt til med ymse kjøkengreier. I dag var det inga klapping under taflinga, dette mykje fordi turistforeining-gruppa har reist sin veg. I laupet har eg fått mykje meir oversikt føler eg, og eg har lært mykje om mange små detaljar. Det er desse detaljane som gjer at hotellet har så høg standard. Er det til dømes ein vissen knopp i ei blomsterpotte, ei gardin som heng skjeivt eller ei lyspære som har gått er det heilt krise. Rett og slett. Det er litt merkeleg å gå rundt og fokusere på slikt heile tida, litt annleis enn heime for å seie det slik, og det gir meirsmak, eg tek kanskje munnen for full no, men; eg kunne godt tenke meg å ha eit ryddig hus når eg vert vaksen.
4, Her på Øye har dei eit spøkelse. Eit gjenferd som heiter Linda. Historia om henne kort oppsummert: ulukkeleg kjærleik -> død og forderving. Eg merkar at det er litt creepy å gå opp i tredje etasje for å pusse tennene (toalettet mitt er i ei anna etasje enn rommet mitt), for då må eg gå forbi rommet hennar, og så er det ganske mørk og sånn i gangen. Ein annan gong stod eg og dusja, så oppdaga eg brått at eg var omringa av kvite, flagrande tekstilar. Det var dusjforhenget. Jaja. Eg har ikkje sett eller høyrt noko som vitnar om overnaturlege ting enno, og kanskje er det like greitt.
I dag har eg elles pusla litt i hagen (koseleg ting å seie) klipt alle plenar til dømes. Og spelt piano. Det gjer eg forresten stadig vekk. I tillegg har eg kopiert nokre notar til ein kvinneleg, nederlandsk poet. Midt på dagen sykla eg til Urke (ca 5 km), det var veldig bra. Svært bra faktisk. Der kjøpte eg ein båtis som var litt merkeleg. Det var nesten ingenting sjokolade på den, jordbærsylta låg på botnen og den smakte litt av banan.
5,
I dag heiste eg opp flagget, for det er eit bryllaup som pågår i kjellaren. Takk og pris for alle Kjeldsundleirar, utan dei ville det ha blitt pinleg å heise flagget utan å få det til. Eg har slått enda litt gras. No med kantklippar mellom nokre bjørketre ved sida av parkeringsplassen. Takk og pris for at eg har vekse opp på ein stad der det er flust med gras. Difor visste eg nøyaktig korleis ein kanteklippar fungerar. Det er litt gøy å vere handyman, merkar eg, det er ikkje ofte eg får sleppe laus denne sida av meg sjølv (haha, tulla, ikkje akkurat særleg teknisk anlagt kanskje, utanom gras og flagg). Då eg var ferdig med grasklippinga oppdaga at alle kleda mine var fulle av små grasbitar. Det var litt stress. Det som var enda meir stress var at bilane var like fulle av grasbitar som det eg var. Dei tørka eg diskret vekk.
Forresten har eg lært korleis ein berer tre fat på éin gong.




Du verden så kjekt dette var å lese! Kjente eg sakna deg litt no, så dette hjalp på:) Gler meg til neste episode av “Pianisten på Øye”.
No sit eg og et ei skive med leverpostei, og etter eg har skrive ferdig dette pakkar eg saman og reiser heim til Dalsfjorden. Har jobba heile veka, og må mildt sagt seie at eg er svært lei av å vere hyggeleg mot menneske som kjem og går i butikken min (æsj, ej spyr!)
Kos og klem, me snakkast vel ein gong, bob bob ikke sant?
Gleder meg til du kjem heim og hus og hage vert i orden! Du kan jo starte med rommet ditt og alle notane. Kanskje du merkar at det ikkje er fullt så morosamt å rydde sitt eiga rot og alt det som eigentleg ikkje har noko spesiell plass!