Eg har lese “Sult” av Knut Hamsun. Eg ser på dette som eit viktig steg i vegen mot å verte ein opplyst mann, så når ein lærar seier: “Koppen, du som er ein opplyst mann….” så kan eg faktisk svare på det dei vil ha svar på.
Kva skal vi seie om “sult”? Eg las den ikkje berre for å kunne skryte av å ha lese den (ikkje at det var så vanskeleg, berre 140 sider) eg las den fordi den verka interessant, noko den også var. Det var rett og slett litt gøy. Eg koste meg verkeleg med Hamsun, han er ein vittig mann. Ein nazismesympatikar, men likevel ein vittig mann. Boka vert omtala som ein av verdas første moderne romanar, og det er jo litt kult.
Sidan dette gav meirsmak har eg bestemt meg for å lese meir Hamsun, jammen flaks at då eg kjøpte Sult følgde tre andre romanar med + tre secret bonus tracks (eller noveller). Det var ein sånn pocketutgåve med dei viktigaste ungdomsverka hans til berre 99 kroner. Kjekt dette.
Så: i sommar skal eg lese meg opp på Hamsun (eg kjem ikkje til å skrive særemne om han om du lurte). Kanskje skal eg gjere dette kvar sommar, rett og slett lese mykje av forfattar som har vore viktig for verdslitteraturen? Dette blir bra merkar eg.

Arkivert under: Dings, Kultur, Meg, Tommelopp for nye opplevingar