Dette er den sekstande dagen. Tilfeldigvis fyller systra mi 16 i dag. Merkeleg? Ja?
Dette har vore litt av ein dag! Eg stod opp sju i dag, og reiste til Strynefjellet saman med Karianne og Marius for å renne oss. På sommarskisenter. Det er første gong eg står på ski i juli, og det var litt merkeleg, men først og fremst veldig gøy. Det var ganske fint føre, og eg datt ikkje nevneverdig.
Karianne
Marius fann noko mjukt noko.
I Stryn kjøpte eg meg ein gensar og JUNKFOOD. Det var litt deilig. Å ete noko skikkeleg søppel etter all denne ordentlege maten på Øye (som er heilt fantastisk god).
Då eg kom tilbake til hotellet var familia mi der. Forsynemeg så var Trude m fam der også. På middagsbesøk. Så fekk eg spelt litt for dei. Familia mi klappa då eg spelte. Det pleier dei ikkje å gjere, i alle fall ikkje når eg er heime.
Det skal også nemnast at ei dame behandla meg litt merkeleg i dag. Det verka som om ho trudde at eg var litt tilbakeståande rett og slett. Ho mima og snakka veldig tydeleg og veldig sakte. Ho forklarte meg med dei enklaste orda ho kunne at ho hadde lagt igjen den kvite jakka si (“hvit jakke (peikar over skuldrane sine) skjønner du?”) i middagssalongen (“Middagssalongen, altså der jeg spiste maten min, altså som en slags restaurant (peikar inn mot hotellet der etesalongen er) spisesalongen, der man spiser mat, skjønner du”). Eg nikka og sa “ja” på ein overberande måte, og vart litt redd inni meg. Er eg kanskje litt enkel? Tenk om det er sånn at eg ikkje legg merke til det sjølv? Det er sjølvsagt mogleg at eg berre såg litt trøtt og sløv ut etter å ha stått opp så tidleg. Etter at ho var ferdig å forklare meg dette som tydelegvis verka å vere ein ekstremt vanskeleg ting for meg å forstå, oppsummerte ho det heile i ei setning: “jeg tror jeg har lagt igjen jakka mi i spisesalongen, så da vet du det hvis du ser den, skjønner du?”
Arkivert under: Kjekke folk, Sport, Øye




Eller kanskje ho trudde du var utenlandsk?
No va eg vel snill? Minner meg litt om då vi var på ferie og pappa (din) gjekk inn på ein bensinstasjon og handla. Då han spurte kor mykje det kosta, svarte dei han på engelsk. Kombinasjon av utseende og sunnmørsk?
Eg òg trur at dama trudde du var utomlandsk.
Islandsk, kanskje. Det høyres kjempekjekt ut på Øye! Ej me vil (sjøl om ej igrunnen e veldig fornøgd med å vere i New York istaden). Vår personlege guide (tante Miki, som bur her) er japansk, faktiskfaktisk, men ho snakka bra engelsk fordeom. Ej skal forresten også vere handyman i sommar, tru det eller ei.