17-21

17, Steik kor folk tek bilete av meg. Når eg speler piano, altså. Og det er heilt greitt. Eg føler meg litt som ein turistattraksjon, utan at eg skal skryte på meg å vere det. Skal tru kor mange fotoalbum eg kjem inn i til slutt? Det er ganske artig når dei spør først om dei får lov til å ta bilete av meg. Som om eg var eit måleri som ikkje tålte blits.

I dag jobba eg ganske lite, var ikkje så mykje å gjere, muligens.

Desse blomane er det eg som passar på. Om dei har det bra? Ser slik ut.

18, I dag har eg vaska klede for første gong. Første gong etter at eg kom til Øye. Første gong nokon gong. Og det var kanskje på tide? Både det med “nokon gong” og det med at eg burde vaske kleda mine etter å ha budd her i 18 dagar (eg har hatt med meg fleire skift altså). Spesielt lestane mine trengde ein omgang i vaskemaskina. Då eg spelte på kvelden var det nokre totningar som ville ha Prøysen. Og klappa mellom kvar song. Det er ikkje spesielt vanskeleg å spele Prøysen-songar med besifring, men dei klappa likevel. Dei er no sjarmerande, då, desse hedmarkingane. Prøysen er ein koseleg ting å spele.

Vêret har vore svært bra svært lenge. Det er jo kjekt. Eg har framleis solbrilleskille etter då vi stod på ski.

 

19, Sa eg at vêret var fint? I dag slutta det å vere fint. Og det attpåtil medan eg var på tur. Og hadde finevêrklede på meg, så det var litt leitt. Eg gjekk tur oppover stien som fører til Patchellhytta, utan ambisjonar om å gå dit, eller spesielt langt i det heile. Eg gjekk oppover i 2 timar, men kom meg liksom ikkje over skoggrensa. Det merkar eg at eg saknar fjell utan så mykje skog. Heime har vi slike. Skåla, Tua, Snøhornet, you name it. Og eg saknar luft. Å kunne sjå langt, til øyer langt borte til dømes. Ikkje det at det på nokon måte er noko gale med den naturen som er her, det er berre litt trongare enn det eg er van med. Det skal nemnast at eg ikkje har vore på nokon topp her, eg har berre vafla meg litt rundt oppe i skogen. På turen hadde eg ei pause der eg las bok. Rakk å lese den ut før regnet kom. Det var “Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?” av Johan Harstad. Eg vurderar så å gå så langt som å kalle han min favorittforfattar. Han har berre gitt ut ei novellesamling, ei kortprosasamling og den tidlegare nemnde romanen samt “Hässelby”, som er den boka om Albert Åberg som vaksen. Eg har lest alt han har gitt ut hittil. Og det skal eg fortsetje med, eg har funne meg ein forfattar eg likar som eg kan følge med på med framtidige utgivingar. Han er ganske ung også, Johan Harstad. Hurra, eg har funne ein favorittforfattar! Sjølv om det han skriv ofte er ganske deprimerande å lese, skriv han skikkeleg bra, og menneska er så ekte, ein kjenner seg att. Dessutan kjem artige sitat som : “Personen du elsker er 72% vann”, “Rädda Joppe, död eller levande!” og “Hvem faen skal trøste knøttet? Det er det ingen som kan”

 

20, I dag sat eg og spelte Bryllupsdag på Troldhaugen av Grieg, og det er jo eit sånt pianostykke mange har høyrt før og ein del kan namnet på. Ein del andre hugsar ikkje namnet og finn det for godt å spørje meg kva stykket heiter medan eg fortsatt speler det. Eg er ikkje Ingrid Bjørnov, eg har ikkje øvd meg på å snakke som ein foss medan eg speler piano, så dei får fint stå og vente til eg er ferdig med dette 6-minutts pianostykket. Eg speler det utanat forresten, og i dag stod noten til “Vals til Torstein” av Øystein Sommerfeldt framme på pianoet. Ei dame kom humpande inn frå etesalongen for å sjå på noten kva eg spelte. “Vals, Sommerfeldt” høyrde eg at ho mumla på veg ut (ho mumla sikkert for å forstå kvifor ho kom bort til meg, så det ikkje skulle bli pinleg for henne sjølv). Grieg – Sommerfeldt. Desse er ganske forskjellige. Pinleg.

Slik ser resepsjonen ut på ein god dag.

 

21, Det er søndag og ganske mange lunsjgjestar som lagar ganske mykje oppvask. Jammen flaks at eg veit korleis oppvaskmaskina virkar.

I dag kom det litt overraskelsesbesøk til meg. Det var Heidi, Anders, Per-Eirik og Ingrid som hadde komt seg eit stykke opp i Slogen, og stakk innom hotellet etterpå, og det var veldig kjekt! Eg følte meg litt som ein slags guide. Der er den hemmelege, og stygge baktrappa, der er det skumle portrettet ved rom 19.

6 kommentarar

  1. Du er ein flink guide, tykkjer eg.

  2. Det vart veldig hyggelig at du viste oss rundt, no veit me litt om dei skjulte sidene ved hotellet;) Det ligg forresten bilete på bloggen min:)

  3. Uffdå Henrik…
    Trur du må unnskylde deg overfor anten totningane eller hedmarkingane. Toten ligg i Oppland!!!
    Det er fare for at du ikkje får tilgang til gjennomreise i Gudbrandsdalen, verken på den “rette” eller den “galne” sida av Mjøsa (då blir det omvegar til Oslo) – eller at dei evt. stiller seg opp attmed vegen og peikar på deg og seier at der fer han som ikkje veit at Toten ikkje ligg i Hedmark.
    Elles er sikkert totningane like begeistra for Prøysen som det nordfjordingane er i forhold til Ivar Aasen.

  4. dei var frå hedmark. jaja, sånt skjer.

  5. HEI! Henrik, du er ein ypparleg skribent. Kunne eg få lov å legge inn utdrag og link til bloggen din på Yber.no? Vi har temaet “sommarjobbar” akkurat nu, og du har skrive ganske mykje om sommarjobben din, så det hadde vore midt i blinken å ha det på Yber:) Og så kanskje eg plukkar litt anna skrivegodsaker, og kanskje du har lyst å ha din eigen blogplass på Yber etterkvart? Let me know:):) Send meg mail!

  6. Hei Henrik
    Flott blogg, og kjempeflott galleri! Du er flink!
    Og takk for tilliten på kunstnarlista. Føler meg beæra som får figurere saman med slike store namn…
    God sommar :-)

    Yngvil B

Legg att eit svar