Henrik er framleis på Øye

22, Dei driv og ertar meg fordi eg står opp seint. Det stemmer forsåvidt. Eg pleier å ete frukost rundt eitt-to. Det verkar sikkert som om eg er eit b-menneske og klisjeen av ein tenåring. Men eg er jo eigentleg ikkje eit b-menneske. Eg har aldri eller sjeldan problem med å stå opp tidleg om det skal vere naudsynt, til dømes i skulesamanheng eller når eg skal spele i frikyrkja. No er det ikkje naudsynt at eg står opp før seint, og då søv eg likesågodt. Jammen flaks at eg ikkje er eit av dei kvalmande superduper-a-menneska som står opp tidleg same kva og er blide som sola og tek ein joggetur før frukost. Jammen flaks at eg er såpass fleksibel at eg kan vere både a- og b-menneske alt etter som kva som vert krevd av meg. Av all denne a/b-pratinga har eg byrja å lure på kva blodtype eg har.

Her bur eg no.

23, Med ein gong eg får på meg vesten og sløyfa mi, ser det ut til at gjestane tek for gitt at eg veit alt om alt som finst i norangsdalen og sunnmøre generelt. Og eg veit slettes ikkje alt, sjølv om mi innsikt kan seiast å vere stigande. Dei første dagane eg var her hadde eg jo slettes ikkje peiling. No veit eg kva fjell som er Slogen, kor mange rom hotellet har, kor mykje 0,4 liter øl kostar og kva år hotellet vart opna. Men enno veit eg ikkje alt. Målet må vere å vite alt til slutt. Og kunne spele alt på piano. Det er så leitt å seie “nei, den kan eg ikkje” når noko spør om eg kan spele eit bestemt pianostykke. Spesielt når det er ei lita, amerikansk jente som spør om eg kan spele “morgonstemning” av Grieg, for ho har sjølv spelt stykket på fløyte, og eg ser at det kostar henne mykje å tørre å spørje meg, og eg må seie nei. Då føler eg meg dårleg.

Ingvild tømmer flaske.

24, I dag då eg gjekk heim frå jobb (rundt midnatt) gjekk eg forbi eit hus ved vegen der ein såg rett inn på teven. Og der sat nokon og zappa. Så slo denne nokon, som viste seg å vere ein mann, av teven, reiste seg opp, slo av lyset og gjekk kanskje for å pusse tennene, og legge seg. Eller kanskje gå og smøre seg nokre brødskiver med salami til kveldsmat. Kva veit eg. Men dette var ei spanande og artig oppleving, som kunne ha vore ein del av ei Johan Harstad-novelle.

Pølse!

 

25, No er det berre ca 5 dagar igjen av mitt 30-dagarsopphald her på Øye. Eg trur eg aldri har vore vekk frå heimen min så lenge på ein gong før. Ein månad er jo ikkje mykje, eigentleg. Eg har det fortsatt fint her, eg er glad eg har ein jobb som er variert, utfordrande, spanande og utviklande, og at eg til dømes ikkje berre sit og puttar mold i blomsterpotter heile dagen. Og så speler eg jo piano, då. Eg er ganske nøgd med å ha ein jobb der eg i grove trekk nesten berre speler piano. Det ligg ein heil massevis pianonotar her som eg har øvd litt inn, og kopiert og lagt inn i min eigen perm. Eg har aldri spelt så mykje piano innanfor ei så lang periode før. Dette fører dermed til at eg har blitt ein del bedre pianist, og går rundt med konstant godt oppvarma fingrar (mjuke, mjuke). Noko eg sikkert kjem til å gjere ganske lite av i resten av ferien er å spele piano. Eg føler at eg har spelt nok piano for ein heil sommarferie, og eg er rett og slett litt lei av å sitje og klimpre på dette intrumentet heile kveldane. Dette er ikkje noko som uroar meg, alle kjem jo til det punktet då ein byrjer å gå litt lei av jobben sin, og slikt går over. Eg kjem sikkert til å male ganske mykje når eg kjem heim, eg har teikna ganske mange skisser her, som eg er ganske nøgde med, som eg gler meg til å få malt.

I dag gjorde eg noko vittig på kjøkkenet. Eg laga til fem koppar kakao til fem tørste born. Då skal ein ha krem på. Det er ei utfordring i seg sjølv å få dette til å sjå litt fint ut også, kremen er i ein slags pose/kremmarhus (litt sånn som når ein har melis på peparkaker) og at denne hadde opning i begge sider, var ikkje noko eg tenkte over. Vips så klemte eg slik at kremen oversvømde den andre koppen, og fylde heile kjøkenbenken omtrent med krem. Alle som var på kjøkenet då lo og lo, eg inkludert. Det er jo triveleg at eg kan vere kjelde til lått for dei andre av og til.

26, I dag laga eg kako til meg sjølv for å øve meg, med kremen og det heile, og det gjekk bra! Det er på biletet ovanfor!

Legg att eit svar