28, I dag smuldra sløyfa mi liksom opp i tre bitar. Det gjer ikkje så mykje, for dette er nemlig den siste dagen eg brukar henne.
Medan eg prøvde å få ein slange til å vere festa til ein anna slange med ein plastdings kom plutselig Arnfinn Haram. Det var veldig merkeleg. Men først og fremst veldig triveleg.
Dette var siste dagen eg spelte piano. Uff, nei, dette høyrdest voldsomt trist ut. Det kjem nok fleire pianodagar, men ikkje akkurat på Øye. I alle fall ikkje denne sommaren. I alle fall var det kjekt å spele i dag, for folk var så blide, og gav meg god respons. Heilt til slutt var det ingen igjen i salongen, det vart litt tomt litt tidleg. Så eg sat og spelte Vaaren av Grieg, så kom eit par som hadde sunge songen i kor, og som nynna med. Og som prata mykje med meg om trivelege ting som framtid, klassisk musikk og Slogen.
29, I dag kom Sunniva og Synnøve og tok meg med til Geiranger for å leike turistar. Frå austlandet, stort sett. Det var veldig kjekt, og vi var veldig fjasne, og veldig artige! Vi fann på mykje artigt som nokre kjem til å kjenne konsenkvensane av seinare.
Vi fekk folk til å ta bilete av oss, på engelsk og på gibbrish, berre på kødd. 
Eg til bilete av japanarane som tok bilete, i staden for å ta bilete av fjella og fossane og sånn.
Ikkje mine solbriller altså, men min elggensar.
Arkivert under: Kjekke folk, Meg, Øye




Eg måtte jo dukke opp når sjølvaste bloggredaktøren var på Øye og eg og bror min var på biltur med mor mi til Urke, frå Stranda!
Det var verkeleg triveleg å sjå den skinbarlege Henrik – som etter sommarjobben tek seg føre å lese Hamsun-dikt i Velsvika! Bra! Ser fram til å lese blogg utover hausten og gjerne til å pratast meir! God bless!