Skjærgårdsø i storestova.

Som tidlegare nemnt er dette min Hamsun-sommar, og eg har no lese “Mysterier” av han. Då er det berre Pan og Viktoria igjen (nei, no gløymte eg hermeteikna slik at det verkar som om det er èi bok som heiter “Pan & Viktoria”) i ungdomsverk-samlinga mi. Medan eg framleis var på Øye oppdaga eg “Skjærgårdsø” av Knut Hamsun i songboka, og fann ut at melodien (som Knut Hamsun slettes ikkje har skrive) var veldig fin, og litt rar, men med mange kjekke klangar. No var eg heime og vakna ein morgon kl 0600 av at plankane i senga mi spratt frå kvarandre slik at det vart ei grop i madrassa der rompa mi havna. Slikt vaknar ein jo av. I alle fall gadd eg ikkje sove meir og sto opp (eg har bestemt meg for at eg likar enten sommarnettene, eller sommarmorgonane best, og valde her sommarmorgonen). Medan eg sat og drakk kaffi i storestova(24oC) heilt aleine (familia mi er på Norway Cup, Dana Cup, Interrail, og eg veit ikkje kva) og såg opp på Velsvikskåla som allereie var innhylla i sol, då las eg diktet skrive av Knut Hamsun, og det traff veldig godt, sjløv om det er meir kveldsstemning over denne. Det er sjeldan at eg les eit dikt og tenkjer “jøss, dette var jammen bra”, men no gjorde eg det. Eg bestemde meg for å lære meg denne utanåt, så eg kunne synge og spele songen på piano samstundes (stilig?), og pugga dei to første versa. To til to go. Jajajaj. Knut Hamsun hadde mykje føre seg. Her er songen, forresten:

Nu glider Baaten
mot Skjærgaardsøen,
en Ø i Havet
med grønne Strande.
Her lever Blomster
for ingens Øine,
de staar så fremmed
og ser meg lande.

Mitt Hjærte blir som
en Fabelhave
med samme Blomster
som øen eier.
De taler sammen
og hvisker selsomt,
som Børn de møtes
og ler og neier.

Her var jeg kanske
i Tidens Morgen
som hvit Spiræa
engang at finde
Jeg kjender Duften
igjen fra fordum,
jeg skjælver midt i
et gammelt Minde.

Mit Øie lukkes,
en fjærn Erindring
har lagt mit Hode
ned til min Skulder.
Så tætner Natten
ind over Øen
og Havet buldrer
Nirvanas Bulder.

Legg att eit svar