Henrik goes internasjonal. Neida.

Eg kom til å tenke på engelskbøkene eg har hatt oppigjennom. Eg har jo hatt mange engelskbøker. Heilt frå byrjinga av barneskulen fram til førsteklasse på vidaregåande mottok eg engelskundervisning. Og engelsk er lurt å kunne. Eg har ikkje brukt engelsk veldig mykje fram til no, men det vart jo ein del då eg var på Øye. Og det var vanskelegare enn eg hadde tenkt. Når nokon plutseleg spør om noko på engelsk, og eg ikkje er førebudd, snakkar eg ganske gebrokkent. Eg visste hugsa ikkje kva pledd heitte på engelsk til dømes. Når eg nokre minutt seinare går gjennom den vesle samtalen i hovudet når eg er aleine, snakkar eg mykje betre engelsk. Kanskje til og med eit snev av britisk aksent. Det er jo britisk vi lærte oss på skulen, stort sett. Og vi lærte om britisk kultur i massevis, ikkje berre ifrå England, men litt Irland, Whales, Skottland, Australia, USA og til og med Jamaica. Vi lærte om musikken, tradisjonane, litteraturen, politikken, naturen, maten og såpeseriane deira. Vi fekk altså innblikk i kulturen deira i tillegg til å lære oss språket(det same gjeld for tyskundervisninga eg har fått dei siste fem åra), og det er ein bra ting. Men det er jo urettferdig ovanfor dei andre landa i verda som ikkje tilfeldigvis eigde halve landarealet på jorda og gjorde språket sitt om til eit verdsspråk. Kva om Polen hadde vorte koloniherre nr. 1. Kva om dagens einaste supermakt, USA hadde tidlegare vore ein polsk koloni? Då hadde sikkert polsk vore språket deira i dag. Kva veit eg om Polen? Vilt lite. Utover Chopin, Auschwitz og kva hovudstaden heiter, er det nesten ingenting eg veit om. Korleis er naturen der? Flat/fjellete? Er Polen ein levande kulturstat, med storslagne filmar, musikk, litteratur og kunst som er veldig bra? Klassa mi reiste til Hjelmelandsdalen i Sogn og Fjordane i staden for til Auschwitz, så veit eg kanskje mindre om Polen enn andre. Eg går jo sjølvsagt rundt med ein del fordommar mot aust-Europa, eg som alle andre, at det er litt grått og kjipt der og billig der, men eg skal ikkje sjå vekk ifrå at dette er feil. Og då er det skulen sin feil, som ikkje underviser i polsk. Og litt Polen sin eigen feil som aldri vart nokon stor koloniherre/stormakt. Eg kan ikkje eitt einaste ord på polsk.

Men takka vere vårt fantastiske informasjonssamfunn med internett og wikipedia og det heile kan eg vinne innsikt:

http://en.wikipedia.org/wiki/Poland

http://www.art.org.pl/

http://www.poland.pl/

Westkarpaten Pieniny Kroscienko.jpg

Ikkje dumt

WhiteStorkFamily.jpg

Visse du at kvitstorken er nasjonalfuglen i Polen?

Bilete laga av Adam Marczukiewicz. Han likar kaktusar. 

7 kommentarar

  1. Muzzy! Jammen kjekt, altså!

    Eg lærte ein song i engelskundervisninga på ungdomsskulen. Dette er ein song som er innprenta i hjerna for evig og alltid. Songen lyd slik:

    “I like to be in America
    Ok to be in America
    Everything’s free in America
    For a small fee in America”

    Dette er den mest gjevande songteksten eg har høyrt, og rima er sjølvsagt upåklagelege!

  2. Eg har faktisk ikkje noko forhold til Muzzy, tru det eller ei. Kva er det for noko?? Monty, derimot, er ein som står mitt hjarta nærare enn dei fleste. Neida. Men han var no ein gjengongar i alle engelskbøkene mine på barneskulen, så det er vel han å takke at eg kan uttrykkje meg på engelsk den dag i dag.

    Kven hadde du som engelsklærar på ungdomsskulen, Mari? Du, for ein meiningsfull song!

  3. Det bilde øverst er jo frå dei engelskfilmane ein såg på barneskulen. Eg husker han store som heite Buzz (eller noko slikt) som åt parkometer og sa “I’m Buzz. I’m big Buzz” medan han løfta opp dei eine foten sin som var kjempesvær. Fint innlegg og så fin blogg du har, Henrik. Her kjem to faktaopplysningar om Polen:

    Eg veit at i Polen finnast det saltgruver med utruleg god akustikk.

    Eg veit at i Polen kostar eit kilo med jordbær 4 kroner og ein potetgullpose 20 øre.

  4. jøss. Ja, no veit eg enda litt til. Veit jo at dei er flinke til å plukke jordbær, men at dei selde dei så billig? Kven skulle ha trudd?

  5. Eg hadde din kjære far i tiande klasse, Iselin. Elles hugsar eg neimen ikkje heilt kven eg hadde. Marit i åttande. Niande er heller uvisst.

    Muzzy er forøvrig eit knippe med fantastiske engelskfilmar brukt i undervisninga, Iselin. Den store Muzzy likar veldig godt å ete klokker. Og i eit klokketårn bur det ein mann som heiter Norman. “God morgon, eg er Norman”, seier han.

    Egle Megle er eit anna knippe med undervisningsfilmar. Denne gongen på norsk. “Her er Egle Megle, velkommen hit til oss. Her er alle venner, skjønt det stadig hender, ja det hender at vi sloss.” Dette er kjenningsmeloditeksten.

    Dette vart ein latterleg lang kommentar. Jaja. Ver så god, Henrik! :)

  6. Ja! Egle Megle! DET hadde ej heilt gløymt. Kråka som heitte Bardus. hehehe

  7. “Klar som et egg!”

Legg att eit svar