Akkurat no heng eg halvvegs ut av vindauget på rommet mitt i tredje eller fjerde etasje eller noko sånt og bles såpebobler medan eg høyrer på mi splitter nye spotifyliste med berre fransk musikk. Fransk musikk er så god stemning, med Edith Piaf, trekkspelmusikk og desse impresjonistane. Det er solnedgang, ein flott ein også. No er eg ferdig med alt som heiter hovudinstrumenteksamen og kan ikkje anna enn å vere berre nøgd. Det kunne nesten ikkje vore betre, eller jo, det kunna ha vore litt mindre vind slik at såpeboblene mine ikkje berre forsvann med ein gong, MEN ÆRLEG TALT, KVA GJER VEL DET?

Slik ser eg ut når eg lener meg ut av vindauget mitt. Velsvik i bakgrunnen. Der har sola gått ned, men ikkje her oppe i Koppen.
Eg har nettopp vore på basar i Velsvika og spelt “Vél komne med æra” til preludium. Deilig å spele noko som er litt rolig. Bevares, basar i Velsvika er noko eige, det er alltid skikkelig god stemning. Basaren i Velsvika er slik han alltid har vore før, med matøkt, andakt og åresal. Born som spring rundt i ring i gangen og gøymer seg mellom alle jakkene, det gule lyset frå glaskulene i taket, brødskiver med egg og ansjos, og åresalet. Latteren når nokon vinn noko vittig. Når gamle folk vinn leiker til dømes. Eller born vinn store, grå ragglestar for vaksne. Det er eigentleg nok at ein person vinn to gongar på rad. Gamle damer ler så lett når dei er rusa på livet, kaffi og Jesus. Eg elskar basar. Det ligg mykje barndomsnostalgi i denne utbasuneringa.

Slik er utsikta frå rommet mitt i dag. I alle fall dersom ein lener seg ein halv meter ut.
I morgon skal eg og Sunniva spele på sånn jubileumsting i Ørsta på Møre Folkehøgskule. Vi skal spele vår nye hit, “Vél komne med æra”, og sommarsongen “Skjærgårdsø”, som er min yndlingssong i heile vide verda.
Arkivert under: Heime, Kjekke folk, Kultur
Har folk slutta heilt å kommentere på blogginnlegg.?
De må vi få ei endring på.:
Dette var ein kjempefin post. som det vart ei kosestund av å lese. Og når det gjeld trekninga, så kjem ein ikkje unna den lavmelte, mest samstemte humringa som går gjennom forsamlinga når ho/han som “alltid” vinn stikk avgarde med ein fin gevinst.
Men eg har skriva så mange lodd i mi tid og vore vitne til så mange trekningar at eg veit der er ein samnheng mellom kven som kjøper mange lodd og kven som vinn ofte.
Jah, dei har visst slutta med slikt. Men heldigvis var dette ein veldig kjekk kommentar! Heller éin slik enn tusen dårlege.
Basar i Velsvika er alltid ein hit. Neste gong kjem eg altså. Likar forresten utsikta frå vindauget ditt.