Eg har funne eit triks når ein skal legge seg. Sidan datamaskina mi er full av ferske podkastar, føler eg at eg må høyre gjennom alt. Elles er det sløsing. Eg abonnerar på P2-programmet Verdt å vite, eit populærvitskapeleg radioprogram. Der snakker dei rolig, lenge om kvar sak, og mange forskarar har ganske beherska og monotone stemmer. I motsetning til Radioresepsjonen på P3 til dømes. Eg brukar å høyre på Verdt å vite før eg sovnar, og eg sovnar som regel før programmet er over. I går høyrde eg på Verdt å vite SPESIAL, om sumpane i Malaysia, det var grådig interessant, men eg sovna før det var over då også. Det som skjedde var; ei igle eller noko festa seg til ein av programledarane og ho hylte, og eg vakna. Det er siste gongen eg høyrer på SPESIAL-sendinga før eg sovner, det er aaaltfor mykje action og futt og fres.
Arkivert under: Kultur