Ein æra er over

Ja, no som eg har avslutta mitt liv som ferjependlar vil eg markere dette ved å legge ut lista over stiligste ord og setningar på ferja. Du verden, kor tøft alt blir når det er på engelsk. Eg gjer dykk merksame på at dei fleste av setningane også er å finne på norsk på tideferja [...]

Postkort frå spøkelseshotellet

Eg kom fram til at namnet på den siste Øye-updaten min; “Øye igjen”, ikkje hadde noko særleg interessant eller pirrande namn, så no står eg på stortromma og kalte det “postkort frå spøkelseshotellet”. No bur eg på sjølve hotellet, og ikkje i farmorhuset. Difor passar tittelen ganske bra. Eg har framleis ikkje møtt eller høyrt [...]

Tannkrem sårt sakna

I høve min islandstur kjøpte eg meg ein ny og blank og fin tannkremtube. Dette var fordi dei tubane som var heime var så godt som tomme, eller sånne blå, eller størkna. Eg var glad i den nye tannkremstuben min, det er med andakt at ein opnar og trykkjer ut den første tannkremen, som legg [...]

Fly meg til månen, du

I dag er det 21. juli, det vil seie at det er nøyaktig 40 år sidan den første bemanna månelandinga. Det er ganske rart å tenke over, at ein hadde såpass avansert teknologi for så lenge sidan at dei kunne gjennomføre noko så ekstremt. Men så hadde dei jo jobba med det lenge, dei hadde [...]

Ó, guð, vors lands, ó, lands vors guð.

No har eg endeleg vore på Island! Der var eg saman med min gode ven Ingvil. Det er nok det landet i verda som har pirra meg mest. Eg veit ikkje heilt kvifor, kanskje er det noko med at alt er så himla rart på Island, både folk og landskap, noko eg fekk stadfesta gjennom [...]

Isbilar

På veg heim såg eg to isbilar etter kvarandre på Volda ferjekai. Og eg som trudde det berre fanst éin. Fleire høgdepunkt frå islandsturen får du seinare.

Øye igjen

Ja, så er eg på Øye igjen. Dei første (lat oss seie) sju nettene sov eg i det vesle farmorhuset, i ei lita seng. Den var faktisk så lita at eg kunne velje mellom to måtar å ligge godt på: 1) eg måtte kveile meg saman på eit vis, 2) eg la meg på [...]