
Eg har heldt meg inni denne fjorden her dei siste elleve dagane. Biletet har eg tatt sjølv, frå ein liten, men stupbratt haug eg gjekk på.
Ja, så er eg på Øye igjen. Dei første (lat oss seie) sju nettene sov eg i det vesle farmorhuset, i ei lita seng. Den var faktisk så lita at eg kunne velje mellom to måtar å ligge godt på: 1) eg måtte kveile meg saman på eit vis, 2) eg la meg på skrå og hadde ei liten stol i same høgd som senga til å ha føtene på. Det som ofte skjedde då var at eg sovna i stilling 2) og vakna i stilling 1). Utan å ha planlagt det, det verkar berre som om kroppen min bestemte seg for å bytte på litt no og då.

Torkjell og Torgeir er som to trusemodellar i elloskatalogen eller noko sånt.
Eg hadde endåtil besøk av Torkjell, Sunniva og Torgeir ein dag, dei var her og spelte i eit bryllaup. Etterpå tok vi og hoppa på fjorden, fornuftig nok.

Sunniva lånar gensar
Ja, i alle fall. Eg har gjort anna enn å ligge i korte senger, eg har lugge i grøne enger og lest Ragnar Hovland, det er han som er sommarens forfattar (viser til fjoråret då det var Knut Hamsun) etter oppfordring etter Torkjell med same etternamn, som også har stått for utlån av bøker. Eg likar Ragnar Hovland, berre så det er sagt. Eg har forresten også sete på bryggjekantar og steinar og duppa føtene mine i det kolde smeltevatn medan eg har lese, svært forfriskande med tanke på at det har vore HEITT kvar einaste dag. Eg angrar bittert på at eg tok med meg tre gensrar og tre langbukser, for eg har utelukkande gått i skjorte og shorts, unntatt når eg jobbar om kvelden. Då går eg i dressbukse og vest og sit i den kvite salongen og speler for folket medan eg sveittar som ein gris. Nesten som på eksamenskonserten min, berre at då var det ikkje så varmt. Den éine dagen eg vatna plenen rundt hotellet, vart det sjølvsagt torevêr og tidenes regnskyll etterpå. Bortsett frå dette tilfellet har eg stort sett gjort ting som har vore nyttig. Eller bra. Nokre sykkelturar har det mellom anna blitt, og sjølv om eg ikkje har komt meg opp på nokon topp i denne omgong har eg fått nokre fine fotturar og. Eg har faktisk øvd meg på å vaske klede (noko som kan vere nyttig). Og så har eg vore mykje gartnar. Og stuepike, ein dag. Og bert ein del ting.

På sykkeltur til Stavbergsætra

Årets lesteskilje.

Hagen eg prøver å halde i stand
Ein kveld kom ein full bergensar (folk er som regel ikkje fulle her) og snøvla eitt eller anna om the Streets of London, eg svarte på engelsk at eg ikkje kjende den songen, for eg gjekk ut ifrå at han var utlending sidan han snakka så utydeleg. «Finn Kalvig!» fekk han utbasunert etter nokre forsøk. Eg riste litt på hovudet og spelte «Kanske vil der gaa baade vinter og vaar» (Solveigs sang) av Grieg, og då la bergensaren seg over pianoet og veksla med å grynte litt og kome med små «heia Bergen!»-utrop, sidan Grieg er frå Bergen. Så måtte eg spele Vaaren av Grieg. Då byrja han å grine. Jajja, heldigvis er det ikkje like ubehageleg å spele for alle gjestane.
Eg har tenkt litt på det der med dei ulike gjestane, ein kan i grunnen dele dei opp i ulike kategoriar (desse frå ein taffelpianist sin synsvinkel).
-
Dei som stikk hovudet inn døra frå spisesalongen og inn i pianosalongen for å sjå om det er ein levande pianist eller ein cd som står på. Dei ser ofte litt vimsete ut og vert flaue når eg møter blikket deira, og då skvett dei ofte inn til middagen sin og latar som ingenting. Eller så går dei inn i rommet og latar som om dei berre skulle studere den lampa.
-
Dei som nynnar med. Særleg til hitsa til Grieg eller «Å, den som var en løvetann»
-
Dei som plystrar med.
-
Dei som overser meg
-
Dei som er svært begeistra for meg, og kjem med ønske og er like begeistra uansett kva eg speler. Dei likar eg ganske godt.
-
Dei som vert frå seg av begeistring fordi eg kan gjere andre ting enn å spele piano, som til dømes å tenne stearinlys eller vatne blomar.
-
Dei som trur at eg ikkje kan høyre kva dei snakkar om. Mange av stykka eg speler til taffel har eg spelt så mange gongar at eg kan slå over på autopilot og tenkje på andre ting. Som til dømes lytte til at dei diskuterer kor gamal eg er, eller snakkar om kor rart det er når eg speler utan å sjå på hendene. Eller så diskuterer dei kva eg speler, spesielt morosamt er det når dei er heilt bak mål og blandar Geirr Tveitt og Bach og slike ting.
-
Dei som klappar. Somme skal alltid drage med seg alle dei andre i ein applaus mellom kvar song, og då tek det litt tid før praten byggjer seg opp att.

Karianne trugar med eld
Forøvrig så spelte taffel eg i bryllaupet til min sjef Mariann, og det var nok det kjekkaste bryllaupet eg har tafla i hittil. Mange kjekke folk, og du verden for nokre bra kaker eg smakte på “backstage”.

Radarparet

Noah og Marius leikar i lysekrune
Arkivert under: Kjekke folk, Kultur, Tommelopp for nye opplevingar, Øye
“Dei som vert frå seg av begeistring fordi eg kan gjere andre ting enn å spele piano, som til dømes å tenne stearinlys eller vatne blomar.” + lage kjempefine bloggpostar.
Det første biletet ditt var eit av dei finaste hjørundfjordbileta eg har sett.
Ser kjekt ut! Om det blir tur på Slogen skal eg prøve å få tid til litt taffel òg.
Du må ikkje verte altfor påverka av Dr. Munk då. Går ikkje så godt i lag med heftig landskap, har eg høyrt.