Orden og velstand

Forresten har eg fått rydda litt opp i margen, som ein seier. Eg har ordna bloggelinkane mine slik at dei levande og dei daude bloggane er ordna kvar for seg. Dette for at du skal få eit best mogleg utbytta av bloggrunda di, og ikkje skumpe borti ein daud blogg. Det er jo superdowner.

Isbilar

På veg heim såg eg to isbilar etter kvarandre på Volda ferjekai. Og eg som trudde det berre fanst éin. Fleire høgdepunkt frå islandsturen får du seinare.

Ein liten plett

Eg har vore på Union Øye igjen og spelt litt piano. Det var veldig kjekt. Morgonen etter klipte eg plenen utanfor hotellet. Det er så absurd. Her går ein rundt blandt verdas mektigaste og heftigste natur og klipper ein liten, flat, firkanta plett som verkar svært ynkeleg i forholdt. Som eit frimerkestort forsøk på å [...]

Plakatmannen

I går såg vi 20 spørsmål på fjernsyn medan vi åt pizza og annan laurdagsmat. 20 spørsmål er eigentleg eit radioprogram, og det gløymte visst den eine mannen, for han peika på hovudet sitt og sa “er det noko ein har her?”. Peiking funkar dårleg på radio.

Elles la eg særskild merke til mannen som heldt [...]

Diggediggediggediggerdeg

Det er så kjekt når ein er gira på nokon. Eg tenkjer her ikkje på personar i nærmiljøet som ein til dømes forelsker seg i. Eg tenkjer på det å vere gira på ein kunstnar. Når ein vil få med seg ALT av denne personen. Enten det er ein musikar, komponist, biletkunstnar, regissør eller forfattar. [...]

4. søndag i advent

Då eg reiste til og frå Ørsta i høve gudsteneste 4. søndag i advent tok eg som vanleg ferje. Ikkje ein gong i juleferien slepp ein unna. No som det er jul er det mange som reiser med ferja som ikkje gjer det til vanleg, folk som sikkert er på besøk med slekt eller noko. [...]

Førjulshenrik

Ja no, no er det juleferie. Det er ein ting eg kan like. Som vanleg har eg hatt mange ting å gjere på før jul, både på skulen og rundt. Ymse arrangement og slikt. Ta til dømes adventsfesten til dakruko.

Her er nokre bilete frå førebuingane til festen.

I tillegg hadde klassen vår eit julespel på [...]

Litt førjulskortprosa

Det vart så himla mange menneske på jorda, tenkte jorda, og irriterte seg litt over dette. Jøss, må jorda ha tenkt, dette kan umogleg bli bra, dei ser ut til å bli fleire óg.
Det var like før jul at det starta, snøen som så optimistisk hadde lyst opp menneska i november, og gitt dei vinterglede [...]

Tøft

Trykk her
Tøft å lage ei så lang side med berre orgel. SCROLL! Hehehe, jajaja, tøft. Ein dag skal eg lese heile.

Tek eitt eller anna på kornet