Posted on november 9, 2009 by Henrik
9. november 2004 gjekk eg på ungdomsskulen, det verkar heilt sjukt lenge sidan. Den veka var arbeidsveke, og eg hadde merkeleg nok skrive “gartnar” på den lappen, sjølv om november ikkje akkurat var høgesong for gartnararbeid. Det var på Tilseth blomster, og det vart mykje spyling av drivhus. Men eg likte det, eg hadde med [...]
Arkivert under: Dings | Legg att ein kommentar »
Posted on november 6, 2009 by Henrik
Okej, no er eg avhengig av kaffi. Der var eg ikkje før, då eg gjekk på vidaregåande og slikt. Då kunne eg gå nokre dagar utan kaffi utan at det var noko problem. Eg som til og med gjekk på musikklinja, kaffi- og café-linja over alle.
Det er så lett no, gratis kaffi er tilgjengeleg heile [...]
Arkivert under: Dings, Trøndertun fhs | 3 kommentarar »
Posted on juli 24, 2009 by Henrik
I høve min islandstur kjøpte eg meg ein ny og blank og fin tannkremtube. Dette var fordi dei tubane som var heime var så godt som tomme, eller sånne blå, eller størkna. Eg var glad i den nye tannkremstuben min, det er med andakt at ein opnar og trykkjer ut den første tannkremen, som legg [...]
Arkivert under: Dings, Øye | 1 kommentar »
Posted on februar 13, 2009 by Henrik
Posted on september 8, 2008 by Henrik
Det Nye her i Koppen er breiband, då skjøner du. Litt seint?, spør du kanskje? Ja, svarer eg. Men eg skal seie deg det at vi har hatt mobildekning her i mange år. Og til og med digitalteve, samt ein ganske spektakulær solnedgang, som dei stakkarane inni Dalsfjorden kjem for å sjå litt på. Og [...]
Arkivert under: Dings, Heime, Meg | Legg att ein kommentar »
Posted on juni 29, 2008 by Henrik
Eg har lese “Sult” av Knut Hamsun. Eg ser på dette som eit viktig steg i vegen mot å verte ein opplyst mann, så når ein lærar seier: “Koppen, du som er ein opplyst mann….” så kan eg faktisk svare på det dei vil ha svar på.
Kva skal vi seie om “sult”? Eg las den [...]
Arkivert under: Dings, Kultur, Meg, Tommelopp for nye opplevingar | Legg att ein kommentar »
Posted on mai 9, 2008 by Henrik
Det er logisk at dette heiter “fargestift”.
Kvifor heiter då dette ”teiknestift”?
Arkivert under: Dings, Ting eg av ein eller annan grunn tenkjer på | 1 kommentar »
Posted on mars 31, 2008 by Henrik
Her ein dag skulle eg sjekke kor Feyenoord låg på tabellen (3.plass) og som vanleg gjorde eg dette gjennom tekst-teve. Så slo det meg kor merkeleg det eigentleg er med tekst-teve. At eg kan når som helst sjekke nyhende eller leite etter jobb, eller finne telefonnummeret til synske joguslavar frå Gjøvik. Eg kan når [...]
Arkivert under: Dings, Ting eg av ein eller annan grunn tenkjer på | Legg att ein kommentar »
Posted on februar 13, 2008 by Henrik
For nokre veker sidan fekk eg briller, og med dei ser eg naturleg nok mykje betre (ut, neida fysjda, dette var teit). Same veka fekk eg facebook, så no kan eg sjå bilete av folk eg kjenner og eg strengt tatt har sett før. Og med mine nye briller kan eg sjå dei andre enda [...]
Arkivert under: Dings, Meg | 5 kommentarar »
Posted on januar 19, 2008 by Henrik
Då vi pynta av treet bestemde vi oss for å ta av alle nålene også når vi først var i gang.
Arkivert under: Dings, Familia mi, Heime | 3 kommentarar »