Nyhende frå Koppen

Mjølk på bokmål

Okej, no har eg funne kjelda til eit langt og godt liv. Ikkje det at eg har hatt eit særleg langt liv hittil, men det har då vore godt.
Eg har vore hjå tannlegen i dag. Eg hadde null hull. Eg har aldri hatt hol.
Eg har aldri brekt eit bein heller. Det næraste eg har vore [...]

Pass fingran

I høve den hyppig omtalte Jula lærte eg meg å stryke gardiner. Det var eigentleg ganske lett. Det var berre å stryke iveg liksom. Passe på at det var nok vatn på jarnet. I høve strykinga var eit av syskna mine og pirka i gardina. Eg sa “pass fingran”. ‘Fingran’ som i nordnorsk. Enkelte setningar [...]

Ikkje noko “tilset vatn” her til gards

Du veit du er stor gut når

Mamma bruka kleda mine. Stadig vekk. Stort sett slike hettegensrar som eg har vekse frå. I går lånte forsyne meg far min ei T-skjorte av meg. Kva er det ein brukar å seie? “Du veit du er stor gut når det er foreldra og ikkje syskna som arvar kleda dine”. Jaja, eg har jo blitt atten og [...]

Når ein vil kople av frå eksamenslesing…

Når ein vil kople av frå eksamenslesing kan ein vere i ein åttiårsdag som varer i to dagar til endes…
 

Eg kom forresten til å tenke over at i august 2010 fyller eg 20 og bestemor 80. Då vert vi hundre til saman. Det er uvisst om vi kjem til å gjere eit poeng ut av det, men ein [...]

Over ein lav sko

Det tek av med bursdagsfeiringar for tida!

Denne våren har eg vore i så mange selskap at eg snart kan bli bursdagselskapssanmeldar og gi terningkast for dei ulike selskapa og ha ulike kriterier som skal oppfyllast for til dømes kaker, kaffi, finstasfaktor og stemning. Dette har eg forresten ikkje tenkt til å gjere. Desse samankomstane er [...]

Juletre er ut

Då vi pynta av treet bestemde vi oss for å ta av alle nålene også når vi først var i gang.

Inga jul utan pinnedyr

Utifrå tittelen kunne ein jo tru at eg ikkje visste heilt kva pinnekjøt var for noko. Det veit eg. Det åt eg. Det et eg kvar jul, og ja, inga jul utan pinnekjøt, for all del, men denne jula var det forsynemeg pinnedyr også. Dette kunne vi raskt kåre til å verte årets særaste gåve, [...]

Ny asfalt og heimelagde sitjeunderlag

Plutseleg har nokon asfaltert nedste delen av koppevegen (1,2km) som altså ligg mellom huset mitt og Velsvika. Dette er ein veg eg vanlegvis spaserar to gongar i døgeret. Det var frå hovudvegen og opp til brua dei hadde asfaltert, det er om lag 40m, altså temmeleg kort.
Somme av mine slektningar har sendt inn lesarinnlegg til [...]