Posted on oktober 15, 2009 by Henrik
Det germanske mannsnamnet “Henrik” tyder “herskar i heimen”. Utifrå mitt namn skulle ein tru at eg levde opp til dei del tradisjonelle mannsroller, var ganske maktsjuk og tok styringa. Det som eg synest er litt tøft med “Henrik – herskar i heimen” er all bokstavrimet. Det høyrest veldig stilig ut. Andre døme på bokstavrim er: [...]
Arkivert under: Heime | 1 kommentar »
Posted on oktober 14, 2009 by Henrik
Arkivert under: Heime | 1 kommentar »
Posted on august 8, 2009 by Henrik
Øinene dybt i dødningskallen,
ruller, rinder, skjeler og stikker
hvast som syler,
lyser og ser i mørket som katten.
I går då eg skulle ut i den mørke hagen utanfor Hotel Union Øye rundt midnatt for å ta inn putene på hagemøblane, kom eg på Pesta, ein figur eg ikkje har tenkt vidare mykje over sidan barneskulen. Det var [...]
Arkivert under: Heime, Skulen, Svin, Øye | 3 kommentarar »
Posted on juni 5, 2009 by Henrik
Akkurat no heng eg halvvegs ut av vindauget på rommet mitt i tredje eller fjerde etasje eller noko sånt og bles såpebobler medan eg høyrer på mi splitter nye spotifyliste med berre fransk musikk. Fransk musikk er så god stemning, med Edith Piaf, trekkspelmusikk og desse impresjonistane. Det er solnedgang, ein flott ein også. No [...]
Arkivert under: Heime, Kjekke folk, Kultur | 3 kommentarar »
Posted on mai 18, 2009 by Henrik
Posted on april 10, 2009 by Henrik
Mi påske er full av lazydayz. Late dagar altså. Det er kjekt med lazydays, eg berre speler litt piano slik eg føler for det, og måler mykje. Og søv, ikkje minst. I påskeferien har eg vore B-menneske heile tida. Det finst likevel avvik frå den late livsstilen i ferien min. Eg har til dømes:
* lese [...]
Arkivert under: Heime | Legg att ein kommentar »
Posted on mars 23, 2009 by Henrik
Okeyallright! Skumle ting skjer.
Skumle ting skjer med huset mitt. Alle golva har blitt kjempeglatte! Trappene også. Eg merka det i dag tidleg, og då trudde eg at det var lestane mine som var glatte. Då eg kom heim etter skulen i dag fekk eg vite at dei andre også sklei på golvet. Eit eller anna [...]
Arkivert under: Heime | 2 kommentarar »
Posted on januar 23, 2009 by Henrik
Førre helg var eg i Herøy på besøk med Ingvil, og ho var litt i Koppen på besøk med meg. Vi hadde eit aldri så lite filmmaraton som strekte seg over heile helga, og vart på over tolv timar til saman. Vi heldt oss stort sett til europeisk film, faktisk, berre Wall-E var frå utanom [...]
Arkivert under: Heime, Kjekke folk | Legg att ein kommentar »
Posted on januar 7, 2009 by Henrik
Koppen i vinterpryd. Sjuk himmel.
No har eg nettopp hatt den optimale vinteropplevinga! Den går ganske enkelt ut på å gå opp på høgstøylen og ake ned i velsvika. Det vert nærare 2 km, og det er heilt rått når føret er slik det er no. Terningkast 6 på føret altså! Ikkje ofte det skjer. [...]
Arkivert under: Heime, Meg, Sport | Legg att ein kommentar »
Posted on desember 11, 2008 by Henrik
I år har eg Disneys “cars”-julekalender, og ikkje den nissen eg har brukt å ha. Det er mogleg at dette skuldast at Prix på Silsand har bytta over på Disney. Eller det kan vere noko heilt anna.
I dag drakk eg kaffi etter middag og tenkte i at eg i grunnen skulle hatt noko søtt til, [...]
Arkivert under: Heime | 7 kommentarar »