Juleferien over

Tre gudstenester, tre konsertar, fire turar til høgstøylvatnet (skeisseis), tre sove-borte-døgn, flerifaldige juleselskap, herremåltid, aketurar, eit par frikyrkjesessions, ein utlest roman og éin påbyrja, eit kinarestaurant-besøk, ein sparketur og ein legendarisk skitur, eit par økter med tusj, og ein del kilo i pluss og eit firegenerasjons familieselskap seinare er juleferien er over og han kan [...]

Henrik ser (litt) fjernsyn

Her på Trøndertun ser eg lite på fjernsyn. I alle fall av den hjernedaude sorten. Eg ser på fjernsyn ein gong i veka, nemleg på fredag, då er det gullrekka på Nrk. Ikkje “Beat for Beat”, då det har eg vakse frå, dessutan er det liksom så… utvatna. Men “Nytt på nytt” er det [...]

Kanon då.

“Kanon” er i det heile tatt ikkje eit ord eg brukar i tide og utide som kraftuttrykk. Det same gjeld “Konge!”, for å uttrykke begeistring. I dag har eg spelt kanonball for første gong sidan min spede barndom. I kanonball er både “kanon” og “konge” viktige stikkord.

Eg har funne ut at [...]

Til no

Henrik utforskar den siste kvite flekken på kartet

Eg er ikkje så vanvittig bereist rundt omkring i verda, men eg byrjer då å få sett delar av Europa om ikkje anna. I alle fall Vest-Europa. Eg er glad eg har komt så langt at eg tør å reise på eigahand (forsåvidt attmed nokon), utan foreldre og slikt, og bestemme sjølv kvar ein skal. [...]

Øye igjen

Ja, så er eg på Øye igjen. Dei første (lat oss seie) sju nettene sov eg i det vesle farmorhuset, i ei lita seng. Den var faktisk så lita at eg kunne velje mellom to måtar å ligge godt på: 1) eg måtte kveile meg saman på eit vis, 2) eg la meg på [...]

SPESIAL

Eg har funne eit triks når ein skal legge seg. Sidan datamaskina mi er full av ferske podkastar, føler eg at eg må høyre gjennom alt. Elles er det sløsing. Eg abonnerar på P2-programmet Verdt å vite, eit populærvitskapeleg radioprogram. Der snakker dei rolig, lenge om kvar sak, og mange forskarar har ganske beherska og [...]

Såpebobler og basar; skildring av denne kvelden.

Akkurat no heng eg halvvegs ut av vindauget på rommet mitt i tredje eller fjerde etasje eller noko sånt og bles såpebobler medan eg høyrer på mi splitter nye spotifyliste med berre fransk musikk. Fransk musikk er så god stemning, med Edith Piaf, trekkspelmusikk og desse impresjonistane. Det er solnedgang, ein flott ein også. No [...]

Denne russen

Eg har no vore russ i nokre veker. Eg hadde tenkt å bli russ då eg var liten, kanskje helst raudruss. Raudruss vart eg, sidan eg snart skal få meg generell studiekompetanse og leva livets glade dar.

Når ein går rundt med denne raude buksa følgjer det med eit sett av forventningar til korleis ein skal [...]

Solrika dagar