Posted on september 14, 2009 by Henrik
Er det dristig å ta fly 11. september? Er det på kanten? Er det respektlaust? Neida, det går heilt fint, det veit eg for eg har prøvd. Det er i alle fall greitt når ein skal ta fly for å kome seg på Múm-konsert i Roggishovudstaden. Det var særleg fint å få prøve å ta [...]
Arkivert under: Reise | Legg att ein kommentar »
Posted on september 10, 2009 by Henrik
Eg er ikkje så vanvittig bereist rundt omkring i verda, men eg byrjer då å få sett delar av Europa om ikkje anna. I alle fall Vest-Europa. Eg er glad eg har komt så langt at eg tør å reise på eigahand (forsåvidt attmed nokon), utan foreldre og slikt, og bestemme sjølv kvar ein skal. [...]
Arkivert under: Kultur, Reise, Tommelopp for nye opplevingar | 4 kommentarar »
Posted on august 11, 2009 by Henrik
Den siste veka (dvs dei siste 9 dagar) har eg utforska resten av verda. Eller Sunnmøre, då om du vil. Mellom anna fekk eg besøk av Sunniva og Synnøve, og i år som i fjor tok vi oss ein tur til Hellesylt, no utan å reise til Geiranger, der har vi jo allereie vore. På [...]
Arkivert under: Kjekke folk, Reise, Øye | 3 kommentarar »
Posted on juli 31, 2009 by Henrik
Ja, no som eg har avslutta mitt liv som ferjependlar vil eg markere dette ved å legge ut lista over stiligste ord og setningar på ferja. Du verden, kor tøft alt blir når det er på engelsk. Eg gjer dykk merksame på at dei fleste av setningane også er å finne på norsk på tideferja [...]
Arkivert under: Reise, Språk, Ting eg av ein eller annan grunn tenkjer på | Legg att ein kommentar »
Posted on juli 16, 2009 by Henrik
No har eg endeleg vore på Island! Der var eg saman med min gode ven Ingvil. Det er nok det landet i verda som har pirra meg mest. Eg veit ikkje heilt kvifor, kanskje er det noko med at alt er så himla rart på Island, både folk og landskap, noko eg fekk stadfesta gjennom [...]
Arkivert under: Kjekke folk, Reise | 3 kommentarar »
Posted on april 6, 2009 by Henrik
Eg har vore i London. Eg også, får eg vel seie, sidan både Torstein og Karine, kvar for seg, har vore der i nær fortid. For første gong denne vinteren (kjennest rart å kalle dette vinter) har eg blitt forkjøla, og det klandrar eg London for, med si forurensa luft og sikkert mange basillar i [...]
Arkivert under: Kjekke folk, Kultur, Reise, Skulen | Legg att ein kommentar »
Posted on mars 29, 2009 by Henrik
Eg er flink tredjeklassing. Eg gjer det som tredjeklassingane skal gjere. Eg har levert særemnet mitt i norsk, til og med innan fristen. Eg skal vere russ,og har nettopp fått meg hue og russekort og bukse. Eg øver jamnt og trutt på eksamenskonserten min, skal også framføre store delar av den i Aasentunet i dag [...]
Arkivert under: Meg, Reise, Skulen | Legg att ein kommentar »
Posted on mars 24, 2009 by Henrik
Jauda. No har eg og Trudemor tatt oss ein tur til Førde og Sunnfjord folkehøgskule. Det var ikkje fordi vi skal dit til neste år, neida, vi stakk og besøkte Guri som går foto der. Eg synest det er kjekt å vere på nye stader, eg. Og så kome tilbake til heimen med utvida horisont. [...]
Arkivert under: Kjekke folk, Reise | Legg att ein kommentar »
Posted on mars 3, 2009 by Henrik
Dersom du trudde det mest actionfylte som har skjedd på Lauvstad i det siste er ein ny kafe, tek du feil. Dersom du vil oppdatere deg på situasjonen kan det vere lurt å høyre dette herlege, fantastiske kåseriet her av Hoksnes. Kåseriet finn du ved å klikke her. Lukke til på reisa!
Arkivert under: Reise | Legg att ein kommentar »