Horrorhjørnet.

Øinene dybt i dødningskallen,
ruller, rinder, skjeler og stikker
hvast som syler,
lyser og ser i mørket som katten.
I går då eg skulle ut i den mørke hagen utanfor Hotel Union Øye rundt midnatt for å ta inn putene på hagemøblane, kom eg på Pesta, ein figur eg ikkje har tenkt vidare mykje over sidan barneskulen. Det var [...]

Unnagjort

Så var det unnagjort. Vidaregåande altså.

Eg syklar opp i muntlig

På same måte som sist eg hadde muntlig eksamen i religion (sist på ungdomsskulen) sykla eg. Kanskje er det bra å sykle før ein har muntlig eksamen, eg trur i alle fall det. I alle fall dersom ein syklar hardt og blir sliten, då blir ein så rolig etterpå, det hjelp i alle fall heilt [...]

Denne russen

Eg har no vore russ i nokre veker. Eg hadde tenkt å bli russ då eg var liten, kanskje helst raudruss. Raudruss vart eg, sidan eg snart skal få meg generell studiekompetanse og leva livets glade dar.

Når ein går rundt med denne raude buksa følgjer det med eit sett av forventningar til korleis ein skal [...]

Den siste tentamenen min

No er eg ferdig med den aller aller siste tentamenen nokon gong i mitt liv. Det er ein merkelig ting å tenkje over. No har eg hatt tentamen no og då i snart 6 år, og så er det plutseleg over. Kva skal eg seie? Det har vore greitt til tider, å berre kunne setje [...]

Klasseturen (høyrest ut som ei novelleoppgåve frå barneskulen)

Eg har vore i London. Eg også, får eg vel seie, sidan både Torstein og Karine, kvar for seg, har vore der i nær fortid. For første gong denne vinteren (kjennest rart å kalle dette vinter) har eg blitt forkjøla, og det klandrar eg London for, med si forurensa luft og sikkert mange basillar i [...]

Flink tredjeklassing

Eg er flink tredjeklassing. Eg gjer det som tredjeklassingane skal gjere. Eg har levert særemnet mitt i norsk, til og med innan fristen. Eg skal vere russ,og har nettopp fått meg  hue og russekort og bukse. Eg øver jamnt og trutt på eksamenskonserten min, skal også framføre store delar av den i Aasentunet i dag [...]

Skidag

Dette er forresten ikkje meg, dette er Stein-Helge

Plutseleg var det meininga at eg skulle stå på ski igjen. Det har eg ikkje gjort sidan sommarferien. Heile skulen var på skidag på Bondalseidet, eller “Seidet” som det visst heiter for dei innvidde.  Det tok eit par turar før eg fekk til dei heilt fine swingane. Ikkje [...]

Litt musikalvekestoff

No er vi ferdige med musikal. Det var eigentleg ganske kjekt med musikal. I år hadde vi Queen-musikal, ein lokallaga ein, og Queen er slikt som lett kan spelast i radioen plutseleg. Ringaren og World of Oz-musikalane vert ikkje spelt på radio, eller nokon annan plass til vanleg. Queen hadde mange hitar som stadig blir [...]

Førjulshenrik

Ja no, no er det juleferie. Det er ein ting eg kan like. Som vanleg har eg hatt mange ting å gjere på før jul, både på skulen og rundt. Ymse arrangement og slikt. Ta til dømes adventsfesten til dakruko.

Her er nokre bilete frå førebuingane til festen.

I tillegg hadde klassen vår eit julespel på [...]