Kanon då.

“Kanon” er i det heile tatt ikkje eit ord eg brukar i tide og utide som kraftuttrykk. Det same gjeld “Konge!”, for å uttrykke begeistring. I dag har eg spelt kanonball for første gong sidan min spede barndom. I kanonball er både “kanon” og “konge” viktige stikkord.

Eg har funne ut at [...]

Idrettslinja

Neida, det finst inga idrettslinje på Trøndertun, men det finst ei danselinje, men det er ikkje heilt det same. Dans er kunst, idrett er noko anna. Dette kan sjølvsagt diskuterast, og eg kjem nok til å gi etter dersom eg vert utsett for press.
I alle fall; eg jogga i går! Frivilleg, av og til får [...]

Eg syklar opp i muntlig

På same måte som sist eg hadde muntlig eksamen i religion (sist på ungdomsskulen) sykla eg. Kanskje er det bra å sykle før ein har muntlig eksamen, eg trur i alle fall det. I alle fall dersom ein syklar hardt og blir sliten, då blir ein så rolig etterpå, det hjelp i alle fall heilt [...]

vip

Då eg hadde hovudinstrumenteksamen i går hadde eg på meg dress. Mange timar seinare hadde eg framleis på meg dress, og eg måtte springe (fort til og med) for å rekke ferja. Det er merkelg kor viktig ein føler seg når ein spring og har dress på seg samstundes. -Her kjem ein som skal redde [...]

Skidag

Dette er forresten ikkje meg, dette er Stein-Helge

Plutseleg var det meininga at eg skulle stå på ski igjen. Det har eg ikkje gjort sidan sommarferien. Heile skulen var på skidag på Bondalseidet, eller “Seidet” som det visst heiter for dei innvidde.  Det tok eit par turar før eg fekk til dei heilt fine swingane. Ikkje [...]

Fredag den 13.

Neida, det er fredag den sjette, men neste fredag er det fredag den 13. Det var det i februar også  (februar har jo 28 dagar, så det blir akkurat fire veker). Det er ingenting i forhold til juli, for då er det to fredag den trettande i ein og same månad! Skrekk og gru. Neida, [...]

Optimal vinteroppleving

Koppen i vinterpryd. Sjuk himmel.
No har eg nettopp hatt den optimale vinteropplevinga! Den går ganske enkelt ut på å gå opp på høgstøylen og ake ned i velsvika. Det vert nærare 2 km, og det er heilt rått når føret er slik det er no. Terningkast 6 på føret altså! Ikkje ofte det skjer. [...]

Rororodinbåt

Jammen fekk vi høyre den norske nasjonalsongen under OL i Beijing. Jammen gler vi oss over at Noreg får medaljar i sprangridning og leirdueskyting. Hallo? Sprangridning og leirdueskyting? Elles på året kan det kanskje verke litt som om dette er idrettsgreiner dei nordmenn flest rett og slett ikkje bryr seg noko særleg om. Men under [...]

Den sekstande dagen.

Dette er den sekstande dagen. Tilfeldigvis fyller systra mi 16 i dag. Merkeleg? Ja?
 
Dette har vore litt av ein dag! Eg stod opp sju i dag, og reiste til Strynefjellet saman med Karianne og Marius for å renne oss. På sommarskisenter. Det er første gong eg står på ski i juli, og det var litt [...]

Vinterferie i idrottens teneste.

Neida, denne overskrifta vart kanskje litt overdriven, men heilt løgn blir det vel heller ikkje. Men shwong hadde den, det er ikkje til å kome utanom. Dersom du tenkte at eg skulle sitje heilt stille og kvile meg etter nokre harde veker med musikal, pianistting, ukm og nye briller tek du feil. Eg føler meg ikkje [...]