Posted on november 2, 2009 by Henrik
Idag forklarte rektor om skulen sin beredskapsplan ved utbrot av svineinfluensa (den er her no). Med ei alvorleg mine las han høgt frå eit papir: den som får svineinfluensa skal isolerast på rommet sitt, og der skal han skytast.
Arkivert under: Svin, Trøndertun fhs | 1 kommentar »
Posted on august 8, 2009 by Henrik
Øinene dybt i dødningskallen,
ruller, rinder, skjeler og stikker
hvast som syler,
lyser og ser i mørket som katten.
I går då eg skulle ut i den mørke hagen utanfor Hotel Union Øye rundt midnatt for å ta inn putene på hagemøblane, kom eg på Pesta, ein figur eg ikkje har tenkt vidare mykje over sidan barneskulen. Det var [...]
Arkivert under: Heime, Skulen, Svin, Øye | 3 kommentarar »
Posted on desember 4, 2007 by Henrik
Nissane har komt for fullt. Det er ikkje lenge sidan eg oppdaga kor ekle dei er. Eg kan aldri hugse å ha byrja å grine når nissen besøkte barneha megen, men det hadde eg gjort no. Desse nissane pregar “by”-biletet i Volda no i adventstida. Alle butikkvindauga har fått det for seg at det er obligatorisk [...]
Arkivert under: Dings, Svin, Ting eg av ein eller annan grunn tenkjer på | 4 kommentarar »
Posted on juli 20, 2007 by Henrik
Så har vi komt til nummer fire i den faste med-ujamne-mellomrom-fordi-eg-vil-det-spaletn og svin. I dag; vortesvin!
Alle har vel ein eller annan gong tenkt “skulle eg ha vore eit dyr, skulle eg jammen ha vore eit vortesvin gitt”. Dersom du enno ikkje har tenkt tanken så kanskje etter at du har lest denne teksten her. Vortesvinet [...]
Arkivert under: Svin | Legg att ein kommentar »
Posted on juli 8, 2007 by Henrik
Villsvinet er digert, mykje større enn både flodsvinet og navlesvinet. Dei største vert 180 cm lange og 200 kg tunge. Dei har tryne og er ein partåa klovdyrart, og er dermed mykje meir svin enn flodsvinet. Du finn ville villsvin (dei føretrekk å vere villle, legg merke til namnet), i store delar av N.Afrika, Europa [...]
Arkivert under: Svin | Legg att ein kommentar »
Posted on juni 28, 2007 by Henrik
Eitt av mange merkelege dyr i Sør-Amerika er flodsvinet. Flodsvinet har ikkje tryne, og ikkje klovar. Det er med andre ord ingen gris, slik svin gjerne er.
Flodsvin er verdas største gnagar, altså som ei rotte eller ein bever. Dei er opptil 1.3 meter lange og opptil 66 kilo tunge.
Dei bur i naturen, der dei et [...]
Arkivert under: Svin | Legg att ein kommentar »
Posted on juni 26, 2007 by Henrik
Navlesvin.
Smakar på ordet.
Eit herleg namn på eit dyr.
Men når eg tenkjer meg om veit eg ingenting om dette dyret. I følge Wikipedia er navlesvinet som andre svin, berre at dei har kortare hale, kortare bein, og kortare støttenner. Som eit vortesvin med overdimensjonert mage.
Så er det jo grunnen til at dei kallast navlesvin, [...]
Arkivert under: Svin | 3 kommentarar »