Tankar på (om) folkehøgskule (4)

1. Eg merkar at eg melder meg på og blir med på så mange ting som mogleg fordi eg saknar å ha det travelt. Jaja, det fører jo til at eg opplever mange nye ting. Som til dømes å danse på TV2 og vere med i familiedagnemnda.
2. Det er litt befriande at det faktisk går [...]

Kaffijunkie

Okej, no er eg avhengig av kaffi. Der var eg ikkje før, då eg gjekk på vidaregåande og slikt. Då kunne eg gå nokre dagar utan kaffi utan at det var noko problem. Eg som til og med gjekk på musikklinja, kaffi- og café-linja over alle.
Det er så lett no, gratis kaffi er tilgjengeleg heile [...]

intheflu

Idag forklarte rektor om skulen sin beredskapsplan ved utbrot av svineinfluensa (den er her no). Med ei alvorleg mine las han høgt frå eit papir: den som får svineinfluensa skal isolerast på rommet sitt, og der skal han skytast.

Trøndertun frilynde turlaug

Kanon då.

“Kanon” er i det heile tatt ikkje eit ord eg brukar i tide og utide som kraftuttrykk. Det same gjeld “Konge!”, for å uttrykke begeistring. I dag har eg spelt kanonball for første gong sidan min spede barndom. I kanonball er både “kanon” og “konge” viktige stikkord.

Eg har funne ut at [...]

Tankar på (om) folkehøgskule (3)

* Det går ikkje an å legge ting under senga, men det går an å legge ting inne i senga! Under madrassen er eit hemmeleg hol med luke og alt! Plass til ein middels stor austeuropeisk familie.
* Det er ingen som skarrar i klassa mi. Er ikkje det rart?
* Eg har nesten konstant litt måling [...]

Til no

Obama og eg

Obama og eg er likare enn ein skulle tru. Eg har nemleg nettopp spelt boms og president (slik ein gjerne gjer på folkehøgskule), og vart president 25 gongar på rad.  Vi var fem som spelte samstundes, og då er det fort gjort at situasjonen låser seg. Dessutan fekk eg ofte 2-arar og kløver 3.
Sjølv om [...]

Tankar på (om) folkehøgskule del 2

* Eg kjem til å bli ganske lei av P3 då dette ser ut til å vere den einaste radiokanalen mine klassekameratar veit om.
* Eg og min romkamerat Johannes har byrja å verte synkrone. Vi vakna begge kl 0800 søndags morgon, sjølv om eg var i Stavanger og han på Melhus.
* Når vi skal kaste [...]

Idrettslinja

Neida, det finst inga idrettslinje på Trøndertun, men det finst ei danselinje, men det er ikkje heilt det same. Dans er kunst, idrett er noko anna. Dette kan sjølvsagt diskuterast, og eg kjem nok til å gi etter dersom eg vert utsett for press.
I alle fall; eg jogga i går! Frivilleg, av og til får [...]